Foto: Fredrik Kyrkjebø
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sea & Aluminium har produsert ein 60 tonn stor oppdrettsmerd, som vart løfta vekk frå Sagvåg tysdag.

Verksemda Sea & Industri Aluminium har nyleg gjort seg ferdig med ein spennande jobb på Seglneset i Sagvåg.

Dei har produsert det som er verdas største semi-lukka oppdrettsmerd. Den 60 tonn tunge konstruksjonen har eit oppdrettsvolum på 22.000 kubikkmeter, og skal nyttast av oppdrettssselskapet Ecomerden.

– Relativt stor jobb

– Merden vart sjøsett og seilt vekk på tysdag. Dette var ein relativt stor jobb for dei som produserte han. Dei har vel halde på om lag eit halvt år med denne jobben, fortel Jan Inge Kyrkjebø i Ecomerden til Stord24.

Flytekragen vart levert frå Sverige, men sveisa saman på Stord.

– Dette er den største semi-lukka merden som er produsert i verda til no, seier han.

- Annonse -
- Annonse -

Det var iLaks som først skreiv om saka.

- Annonse -

Bra for fiskevelferden

Kyrkjebø fortel at det er ei rekkje vinstar med å nytte ein såkalla semi-lukka merd til oppdrettsfisk.

– Her er det ein tett vegg mellom fisken og omgivnadane, og så vert det pumpa inn sjøvatn og oksygen. Veggen beskyttar fisken mot parasittar som lus og fisk.

Dronefoto: Fredrik Kyrkjebø

Dei har allereie testa ut teknologien i ein mindre skala, med gode resultat.

– Me har testa ut produksjonen i ein pilotmerd, der me hadde veldig gode biologiske resultat med ingen lus og veldig høg overlevelse.

Den nyskapande merden skal allereie i drift om to-tre veker i Bjordal i Sogn.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -