Det er venta full storm på Vestlandet frå og med torsdag ettermiddag til langt på natt. Skjermdump: Windy
- Annonse -

Vindkastane kan bli like sterke som styrken på ein orkan, melder metereologane.

– Det er varsla opptil full storm i Rogaland og Hordaland, med vind opp til 30-40 meter per sekund. Det er ofte vind som fører til skader, seier statsmeteorolog Kirsten Gislefoss til NRK.no.

Han oppmodar folk til sikre alle lause gjenstandar når vinden kjem for fullt torsdag ettermiddag.

– Med så mykje vind kan ein laus trampoline gjere stygg skade både på to-, og firbente samt materielle skader, seier statsmeteorologen.

Stormen er venta å vere på topp torsdag kveld, og vil vare langt ut på natta.

Store vassmengder

- Annonse -

Det har regna ekstremt mykje den siste tida, og dei store vassmengdene er synlege mange stadar på øya. David Stutlien var på tur på Litlabø og i Sagvåg i dag og knipsa desse bileta, der ein mellom anna har sett at Sagvågselva har gått ut over sine breidder:

Norges Vassdrag- og Energidirektorat (NVE) kom torsdag føremiddag med eit oransje flaumvarsel for midtre strøk på Vestlandet, som er det nest høgste nivået.

– Eit oransje flaumvarsel er ein alvorleg situasjon. Det er viktig å halde seg vekke frå flaumstore elvar og bekker og stadar som kan vere utsett for erosjonfare, seier sier Anne Fleig, hydrolog i NVE til Bergens Tidende.

Han fortel til avisa at det i Hordaland er størst flaumfare i dei midtre områda øst og sør for Bergen, og vest for Folgefonna. Langs kysten er det ikkje fullt så gale.