Geir Angeltveit i Stord Venstre og leiarar for dei andre lokallaga til partiet i Sunnhordland, er uroa over manglande Venstre-liste i Fitjar. Foto: Stord Venstre
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lesarbrev: Venstre manglar namn for å stille liste i Fitjar. Om nokre dagar går fristen ut.

Om nokre dagar er fristen ute for å stilla lista til lokalvalet i haust. Venstre ønskjer veldig gjerne å stilla lista i Fitjar, men manglar nokre namn for å kunne gjere det.

Er du opptatt av gode oppvekstvilkår, eit godt miljø og har lyst å vere med å dra Fitjar i grønare og meir berekraftig retning så er du hjarteleg velkommen.

Som kandidat til val og for ei lista er du med å utforma framtida til lokalsamfunnet i Fitjar. Me som er representantar frå dei andre Sunnhordlands-kommunane ønskjer svært gjerne å ha lokalt engasjerte med oss frå alle kommunane. Dette er viktig i arbeidet opp mot regjeringa og vidareutviklinga av dei flotte lokalsamfunna i Sunnhordland.

Om du er erfaren eller fersk, ønskjer me å melda frå at du som kandidat vil få vår støtte i det lokalpolitiske arbeidet og det organisatoriske.

Er dette noko du kunne tenkt deg? Ta gjerne kontakt med oss så svarar me på alt.

- Annonse -
- Annonse -

Av: 

Anne-Beth Njærheim
Bømlo Venstre

- Annonse -

Geir Angeltveit
Stord Venstre

Synnøve Handeland
Kvinnherad Venstre

Bernhard E. Nerland
Sveio Venstre

Jostein Osnes
Etne Venstre

Bjørn Magne Hufthammer
Austevoll Venstre

- Annonse -