Geir Angeltveit er på topp på Venstrelista. Chris-André Elvik er på femte plass. Astrid Larsen er ikkje nominert, men har hatt arbeidet med å få kandidatar til å stå på lista. Foto: Stord Venstre
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Torsdag kveld var Stord Venstre klar for å nominere kandidatane sine til haustens kommunestyreval.

Ikkje uventa er Venstre-laget toppa av Geir Angeltveit, som i dag er partiet sin einaste representant i kommunestyret.

– Me har hatt eit breidt arbeid med å rekruttera til Stord-politikken. Derfor er me kjempestolt av å presentere ei lista med nye ansikt og veteranar, med folk frå heile kommunen, og i alle aldrar og med varierte yrkesbakgrunn, seier Angeltveit i ei pressemelding.

– Det er ei æra å få lov å vera kaptein på dette laget. Fellesnemnaren her er optimistar som vil utretta noko for Stord.

Partiet skriv at dei er godt i gang med programarbeidet, og at det viktigaste på plakaten for Venstre er å sikre at alle born og ungdom i Stord har ein god oppvekst og ein kommune som tar ansvar for miljøet rundt dei.

- Annonse -

– Då må Nysæter Ungdomsskule på plass uten utsettingar og uvissa.

- Annonse -
- Annonse -

– Og me vil setje krav om reelle klima- og miljøtiltak i kommunen og forplikta eventuelle samarbeidspartnarar på det. Tida for å gå rundt grauten er over. Innan 2030 skal Stord vere landets beste kommune å veksa opp i, seier Angeltveit.

Her er kandidatane til Stord Venstre:

PlassFullt namnFødselsårAdresseYrke
1Geir Angeltveit1988StudalenProsjektutviklar Stord Folkehøgskule
2Camilla Elen Berg Larsen1978Øvre HagebyHelsesøster/lærar/sjukepleiar
3Kristin Steinsland1996SagvågStudent/el.kraft.ingeniør
4Kåre Løkhammer 1953HystadPensjonist
5Chris-André Elvik1990StudalenFørstekonsulent NAV
6Merete Johanne Fjellheim1959StoramyroRektor Moster Barneskule
7Peggy Husevik Bærøy1946SagvågPensjonist
8Ove Steinsland1967SagvågIT-gründer SoftwareControl
9Knut Eide Løkhammer1976RommetveitIT-leiar GroupM
10Helga Valvatna Strømme1988LeirvikKonsulent NAV Forvaltning
11Kristian Notland Harnes1984HugloMøbelgründer NUEN
12Serina Aslaksen1990BjellandVeterinær Mattilsynet
13Trond Hjartåker1970HornelandIngeniør
14Svein Svendsen1954StudalenIngeniør
15Egil Olav Kjønnbog Espeland1958ValvatnaPensjonert politiet
16Harald Nes1935HagaPensjonist
17Else-Berit Helle1947JensanesPensjonert Sosionom
18Ståle Betten1969SagvågIT-service
19Vegard Furre1984HornelandIngeniør/Handel
20Jan Olav Aadland1967Nedre LitlabøIngeniør
21Bjørn Egil Solvoll1956LeirvikLærar
22Håkon Frode Særsten1956HystadFrilans
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -