Kvintetten Trøen/Arnesen leverte varene under det siste Vinterjazz-arrangementet på Stord. Foto: Magne Langåker
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kvintetten Trøen/Arnesen avslutta fredag Vinterjazz-konsertane i regi av Stord Jazzklubb. Og dei skuffa ikkje.

Av: Anders Horvei

Sidan 18. januar har Stord Jazzklubb presentert tre konsertar under namne Vinterjazz.  Den siste vart halden fredag med kvartetten Trøen/Arnesen.

Kvartetten består av to jazzveteranar frå Bergen, Dag Arnesen på piano og Frank Jakobsen på trommer,  det unge jazztalent Elisabeth Lid Trøen på saksofon og Ole Marius Sandberg  på bass.

Gammalt og nytt har komme saman kvartetten, der det vert lagt opp til at Trøen skal væra hovudattraksjonen. Arnesen står bak dei fleste låtane som blir spelt, men etter namna på låta er dei sterkt inspirert av Trøen, og katta til Arnesen. Dette er andre gang Arnesen har spela i jazzklubben siden den starta i 2016. Dette blir første gang for Trøen, og Jazzklubbens styreleiar Olav Fjell var veldig spent på å høyre den ungen saksofonisten.

Foto: Magne Langåker

Musikarane fekk utfalde seg

Mange av låtane som Trøen/Arnesen spelte var bygd rundt ein fin, catchy og ofte tempofylt mainstream jazzmelodi frå Trøen sin saksofon. I byrjinga av låtane er det ho som får utfalde seg og vise kva ho kan. Etter nokre minutt tar ho seg ein pause for å drikke eit glas med vann og lar dei andre banda syne kva dei kan. Arnesen er truleg ein av Noregs fremste jazzpianistar, og han skuffa ikkje.

- Annonse -
- Annonse -

Det var ikkje berre i soloane han fekk utfalde seg. Ettersom han hadde komponert dei fleste melodiane utfylte han alltid Trøen sin saksofon. Sjølv om Sandberg på bass hadde få soloar, fekk han utfalde seg i dei fleste låtane saman med Arnesen og Jakobsen. Han trakk ofte til seg merksemda med at han spelte på bassen med stor innleving. Jakobsen fekk også eit augeblikk med ein lang trommesolo ut i det andre settet, og var eit av høgdepunkta.

Dag Arnesen på piano.. Foto: Magne Langåker

Innimellom dei tempofylte mainstreamlåtane spelte dei ei og anna roleg og stemningsfull låt der Trøen byttet ut saksofonen med fløyte. Desse låtane var kortare og hadde ikkje mykje plass til å improvisere, men dei skapte variasjon i settet. Det var også eit par balladar med saksofonen ut i andre settet.

- Annonse -

Desse låtane minner om den stemningsfulle musikken du høyrer i eldre krimfilmar der detektiven går ned ein regnfull gate. Det virket som at publikum var storfornøgd, og at bandet likte seg på Jazzklubben. Olav Fjell bør være veldig nøgd med kvelden og kor godt det går for Stord Jazzklubb.

Har godt besøk

I fjor arrangerte klubben 16 konsertar, og allereie i vår arrangerer dei om lag 11 konsertar. Vanlegvis går Jazzklubben på laurdagsformiddag eller kveld. Men denne gongen var det på ein fredag, noko som sikkert gjorde at publikumstalet låg under gjennomsnittet med rundt 52 betalande.

– Dei siste to åra har Stord Jazzklubb gått veldig bra med eit gjennomsnitt med 87 betalande publikum. Akkurat no har vi 220 betalande medlemmar, seiar Fjell til Stord24.

– Ofte har Stord Jazzklubb dei sama artistane som Haugesund Jazzklubb har på laurdag ettermiddag. Det er positive og negative sida ved det. Derfor bestemte me oss for å arrangere det på ein fredag slik Trøen/Arnesen slapp to konsertar etter kvarandre, seiar Olav Fjell.

Han har opplevd stor pågang frå artistar og band som vil opptre, og omtrent 120 har spurt om å få spela dei siste to åra. Det er topp artistar jazzklubben har å tilby, både lokale, regional, frå austlandet og ein gang i blant frå utlandet slik som førre laurdag. Om to veker er jazzklubben tilbake på laurdagskvelden med den kjente jazzvokalisten Inger Marie Gundersen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -