Egil Severeide. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Kronikk: Eg forstår sunnhordlandingane godt, og ynskjer lykke til i «frigjeringskampen». Vi står bak dykk og skal ta varmt imot dykk om de vel for alvor å retta blikket sørover.

Av: Egil Severeide
Styreleiar i Stord24 og tidlegare adm.dir. i Næringsforeningen Haugalandet.

Det kokar i Sunnhordland. Med god grunn. Når Vestland fylke vel å støtta Ringeriksbanen(!) framfor Hordfast er det grunn til å skrika høgt. Som einskilde, framståande politikarar på Stord så visst har gjort.

No ivrar mange etter å skifta fylke. Til Rogaland. Nokre i reint raseri over at fylkespolitikarane på Vestland har svike sunnhordlendingane. Andre fordi dei meiner det beint fram er fornuftig.

Eg er viss på at mange på Haugalandet vil ta vel imot dykk. Ikkje berre er vi like i lynne, i næringsstruktur og kulturforståing. Vi driv business saman, vi er på konferansar saman, vi studerar saman. Og heilt sidan  1970-åra, då Rune Ottesen og Arne Larsen Økland drog fra Sagvåg og Bremnes for å spela fotball i Vard og Haugesund, har vi utvikla nære idrettslege relasjonar.

Vi har fått føla kva store samferdsleprosjekt gjer med oss. Trekantsambandet har knytt oss mykje nærare kverandre.

- Annonse -

Og så har vi ein ting felles: vi er utkantar i kvart vårt fylke.

Det er ikkje fullt så bra.

Eg har vore så heldig å få vera med i arbeidet med å trekka regionane våre saman. Vera med å å samla og samtala med bedriftsleiarar i begge regionar og byggja ein argumentasjon for kvifor gigantprosjekta Hordfast og Rogfast kan bli ei stor velsigning for regionane våre.

Prosjekta har ikkje berre stor oppslutnad i Sunnhordland og Haugalandet. Meiningsmålingar som næringsforeiningane i Bergen og Stavanger har gjennomført, viser at næringslivet der også ser stor nytte i å byggja desse to prosjekta.

Og framståande økonomar som Torger Reve og Victor Norman har levert analyser som fortel kor positiv effekt Rogfast og Hordfast har på utviklinga av bu- og arbeidsmarknaden i aksen Bergen-Stavanger.

Fra å vera utkantar, kan vi bli eit sentrum i ein av dei mest vekstkraftige delane av landet.

– Ei ulukke for Bergen om Hordfast ikkje blir bygd, seier landets statsminister. For Bergen. Ho ser at dette er eit prosjekt som ikkje handlar om å byggja bruer og tunnelar, men å byggja framtidige bu- og arbeidsmarknader på Vestlandet.

Det vil ta to timar og eit kvarter å reisa frå Bergen til Stavanger når Hordfast og Rogfast står ferdig. Vi får ei regionforstørring som både vil gi fleire arbeidsplassar og lettare tilgong til undervisning, kultur og idrettslege tilbod.

Det vert sagt at prisen er for høg, at det kostar for mykje. Sotra-brua kostar mest like mykje som Rogfast. Hordfast-planleggjarane klarer stadig å finna måtar å senka kostnadene i prosjektet på.

Men det største og viktigaste samferdselsprosjektet EVER langs norskekysten MÅ og SKAL kosta. Hadde eit liknande prosjekt med like stor samfunnsnytte vore planlagt på austsida av langfjella, hadde det ikkje stått på prisen.

Men vi her vestpå har respekt for store tal og svære bygg. Vi burde ikkje ha det, vi som har sett Kværner, Aibel og dei andre store verksemdene våre senda den eine store offshorekonstruksjonen etter den andre til oljeeventyret der ute i Nordsjøen. Til svimlande prisar.

Eg trur mange i Sunnhordland kjenner på at å vera utkant i Hordaland fylke er noko anna enn å vera utkant i Vestland. Tyngdepunktet skyv seg nordover, noko Stord-ordføraren også har peika på.

Det har vi også erfart vis a vis Stavanger.  Men vi er på god veg, og det at fylkestinget i Rogaland valde å føra tunnelane over Haukeli på topp i si priotering til NTP, er eit godt teikn i så måte.

Erfaringane frå etableringa av Vestland fylke viser at det er ingen lett veg å teikna nye grenser. Eg forstår sunnhordlandingane godt, og ynskjer lykke til i «frigjeringskampen». Vi står bak dykk og skal ta varmt imot dykk om de vel å for alvor retta blikket sørover.

Men eg er redd det blir med draumen. Det viktigaste no er å gjera det tydeleg for politikarane i Vestland at her er det berre å snu. Elles….