Bustadfeltet Hamrane i Sagvåg vart bygd trass i at ein geologisk rapport frå UiB konkluderte med skredfare i området. Foto: Google
- Annonse -

Politikarane fryktar det vil skape presedens for andre liknande saker dersom ein kommunen tek på seg kostnadane med full rassikring i Sagvåg.

På førre møte i kommunestyret sa politikarane ja for å dekke rassikring for tre bustadar i Hamrane, men sa nei til dei resterande bustadane i Hamrane, i Rindane og Bregnehaugen.

Stord kommune skal ta opp eit lån på 2,5 millionar kroner for å dekkje desse kostnadane.

Kommunestyret gjekk dermed i mot vedtaket frå formannskapet, som vedtok å gjennomføre sikringstiltak også for bustadane i bustadar i Rindane og i Bregnehaugen, noko som også konsulentselskapet Multiconsult anbefalte. Dette ville ha kosta kommunen fem millionar, altså dobbelt så mykje.

– Urimeleg

I eit brev til ordføraren reagerer velforeninga i Hamrane at politikarane valde den billigaste løysinga.

– Me meiner kommunen må dekke rassikring for desse andre områda også. Det er urimeleg at bebuarane i dette området ikkje får dekka denne rassikringa, skriv Geir Eriksen i Hamrane vel.

- Annonse -
- Annonse -
Dette kartet frå Multiconsult viser kva bustadar som er sterkast råka av fare for steinsprang.

Velforeninga meiner det ligg eit ansvar på kommunen for å rassikre heile området, på bakgrunn av rapporten frå 1970-talet som konkluderte med rasfare i området.

- Annonse -

Trass i at det allereie då var dokumentasjon på rasfare, vart bustadfeltet Hamrane bygd ut på 1970-talet.

Ikkje juridisk forplikta

Det er på det reine at Stord kommune ikkje har juridiske forpliktingar til å betale for rassikring for dei andre eigedomane, men spørsmålet er ein er moralsk ansvarleg.

Uroa til politikarane er at saka vil skape presedens for andre liknande saker i framtida. Dette er velforeninga i Hamrane usamd i.

– Me synest ikkje at denne saka vil skape presedens for andre typer naturskader. Dette er eit gammalt forhold frå 70-talet.

Sikringa av Hamrane 22, 24 og 26 vart iverksett på nyåret, grunna vurdering av akutt rasfare.