Johanne Malene Ekeland Valvatne (i midten) svarar leiaren i Sunnhordland FpU. Her saman med May Anita Hovland (høgre) og Emma Hinderaker (venstre) Foto: Stord SU
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Om det norske velferdssystemet skulle gå ad undas, er det ikkje flyktning – og innvandringspolitikken og asylmottaka som har skulda, det er ein usosial fordelingspolitikk og skattekutt til dei rike.

Av: Johanne Malene Ekeland Valvatne,
Stord Sosialistisk Ungdom

I innlegget til Emil Tranøy Aasheim om innvandringspolitikken i Noreg, forsøkjer FpU-formannen å danne eit feilaktig bilete av den norske innvandringssituasjonen. I innlegget meiner han at for å redde den norske velferdsstaten, må ein leggje ned alle asylmottaka og stoppe innvandring til Noreg.

I staden meiner han han at me må hjelpe flykningane der dei er. Eg meiner at dette ikkje berre er ei urealistisk løysning, men også eit dårleg skalkeskjul for kva dei eigentleg ynskjer å oppnå. Nemleg å fråskriva seg alt ansvar me har som eit av dei rikaste landa i verda. Som eit land som er velsigna og privilegerte med store naturresursar, og eit relativt fredeleg og demokratisk samfunn, er det etter mi meining soleklart at me ikkje berre kan hjelpe flyktningar og migrantar der dei bur, men også ta ein del av ansvaret ved å gje dei opphald i Noreg.

For på FrP si eiga nettside, under avsnittet “bistand” står det  mellom anna at “ Norge bør avstå fra å etablere nye bistandsavtaler der midlene forvaltes av stater som Norge ikke anser som demokratiske eller ikke har kontroll over hvordan midlene brukes til formålet”. I krigsråka land, slik som mellom anna Syria, innfrir dei ikkje kriteria som FrP har for bistand. Kvar helst meiner FpU at me skal hjelpe desse flyktingane? I nabolanda, som kanskje har like ustabile vilkår? Eller i ustabile flyktningleirar utan håp og framtid.

- Annonse -

Når formannen i FpU  går ut og seier at asylmottaka må leggjast ned er det eit tydeleg signal om kva for ein humanitær politikk han ynskjer å føre. For å så seie at det å vere godhjarta og snill er “horribelt”, syner det mangel på god gamaldags norsk folkeskikk og ei total mangel på forståing og medkjensle for andre si liding.

- Annonse -
- Annonse -

Dersom me skal snakke om velferdsstaten og trugslar mot den, er det ikkje flyktningar eller migrantar som utgjer det største trugsmålet,  men den skeive fordelinga av samfunnet sine midlar, der dei store pengane går rett i lomma til dei som har tjukkast lommebok frå før.

Velferdsstaten toler godt innvandring. Det handlar kun om menneskesyn og prioritering.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -