NIMI fortel om gatekunstverket sitt mellom Leirvik Manifuktur og Sparebanken Vest-bygget. Foto: Jan Morten Wiland Nesse
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Laurdag besøkte den bergensbaserte gatekunstnaren NIMI Leirvik, og tok nysgjerrige med på ein gatekunstvandring i byen. 

– Det er veldig spesielt at ein så stor kunstnar kjem til Stord for å visa oss så store gatekunstverk som det han gjer i dag, seier 20-åringen, seier innehavaren av Gallergi Günther, Aleksander Günther, som laurdag hadde invitert gatekunstnaren Naeem Searle, betre kjend som NIMI til galleriet sitt i Borggata.

Gatekunstnaren frå Bergen har brukt natta til å legge igjen fleire spor i gatene, og haldt eit føredrag om temaet «Street Art» og korleis kulturen bak fenomenet er.

Foto: Jan Morten Wiland Nesse

– Ikkje brenn inne med kjensler!

NIMI er opprinneleg frå Sør Afrika men flytta i 1977 til London der han utvikla seg innan kunstforma «Street-Art». Han er utdanna arkitekt og nyttar kunnskapane og kreativiteten sin til å uttrykkja seg på gateveggar og på print. Godt gøymd i mørkret endrar store veggflater seg til å bli gjenfødde morgonen etter med uttrykk som både fascinerar og provoserar.

– Kva synest de om tagging? var det fyrste NIMI spurde dei vel 30 som møtte til gatekunstvandringa.

– De må ikkje vera for snare med å dømma oss gatekunstnarar. Me er ute etter å framskaffa ein reaksjon i folk og å engasjera enkeltindivida til å seie frå om ting som både opptar og engasjerar dei. Føler de at noko må seiast, sei det! Uttrykk dykk, brenn ikkje inne med kjensler og engasjement de føler andre må få vita om!

NIMI og Aleksander Isdal Günther ved gatekunstverket «Obscura Ascending» Foto: Jan Morten Wiland Nesse
- Annonse -
- Annonse -

– Me gatekunstnarar er eigentleg i ferd med å laga verdas største klagemur. Samla er uttrykka våre både ein protest mot det som er feil i samfunnet og ein arena for å kunna uttrykkja oss gjennom det billedlege.

NIMI fortel at mykje av det som føregår gatelangs på nattestid er ulovleg og til tider risikabelt. Reaksjonane hjå folk er svært ulike. Nokre kan bli støytte og sjå på tagging og gatekunst som hærverk, medan andre meiner det er forfriskande og gjev liv til bortgøymde byrom og grå, kjedelege veggar.

Han har opplevd alt frå både å bli kjefta og skriken til, til å bli applaudert og hylla medan han arbeider høgt oppe på store veggflater som vert levande berre på få timar medan me andre ligg og søv.

Selfiekultur

I år 2000 laga den verdsberømte kunstnaren «Banksy» eit stort verk på ein murvegg i Bergen som kommunen snart malte over og fjerna. I ettertid solgte «Banksy» eit verk for ni millionar kroner. Dette er eit prov på korleis kunst raskt kan bli noko av det mest verdifulle me har, både kjenslemessig og også målt i pengar.

- Annonse -

– I dag har me ein «selfiekultur» der folk framstiller liva sine som perfekte og lukkelege. Me mister dermed det som er annleis og ekte gjennom måten liva våre overflatisk vert presenterte. Verda kan ikkje bli perfekt slik som i sosiale medier. Det ekte er å visa seg som ein er og visa kjensler som kjem frå vårt indre. Dette lærer oss korleis me kan sjå på livet annleis enn gjennom alle dei inntrykka ein gjenkjenner som uekte.

Publikum applauderte kunstnarane for det engasjerte føredraget og etterpå leia NIMI og Aleksander Günther oss gjennom ei gatevandring gjennom bakgatene på Vikjo, for å sjå på på gatekunsten som har oppstått dei tre siste dagane av NIMI og gatekunstnaren «SLAPP», som stakk av før føredraget byrja for å behalda sin anonymitet.

Gatekunstnarar plar som regel utføre verka sine nattestid. Her frå eit av NIMI sine gatekunstverk i Bergen. Foto: Privat

Sto bak Listhaug-verket i Bergen

Før folkemengda sette kursen heimover fortalde NIMI oss om Noreg sitt mest omtalte gatekunstverk, portrettet av Sylvi Listhaug med korset rundt halsen, som raskt vart måla over, men i ettertid redda og vidaresolgt av studentar ved Universitetet i Bergen.

Det var to av NIMI sine kunstnarkollegaer som gjorde dette, og i etterkant sendte dei eit ironisk brev til Listhaug der dei takka ho for alt ho har gjort for det kristne samfunnet i Noreg.

Applauderte kunstnaren

Byvandringa vart avslutta ved fengselet der gatekunstverket «Obscura Ascending» på om lag fem meter i høgda er måla på veggen på leilighetsbygget i enden av Jens Hystadvegen. Verket skal visa oss korleis det gamle kameraet kan sjå djupt inn i sjela vår.

Oppsitjarane kom ut i nattetimane og applauderte kunstnaren medan han haldt på med det dei meiner er eit privilegium å få på veggjen sin. Ein eldre mann kunne fortelja kunstnarane at dette verkeleg rørte han.

Det er ikkje tvil om at Leirvik no har fått gatekunst av høg kvalitet rundt om i bygatene våre.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -