Dette bustadhuset på Litlabø vart totalskadd etter ein brann om natta i januar i år. Foto: tipsar
- Annonse -

Politiet har så langt ingen teori om kva som kan vere årsaka til at ein einebustad brann ned til grunnen ved Litlabøvegen laurdag morgon.

Ein mann i 70-åra redda seg ut då huset hans begynte å brenne mellom klokka 5 og halv 6 laurdag morgon. Bustaden var heilt nedbrent etter berre halvannan time.

Bebuaren kom frå hendinga utan skader, men blei frakta til legevakta for sjekk. Her blei han avhøyrt av politiet seinare på dagen.

– Han blei avhøyrt på sjukehuset på laurdag. Han var jo då i sjokk og påtatt etter hendinga, fortel Kim Nedrehegg, som er avsnittsleiar for etterforskingsavsnittet ved Stord lensmannskontor.

Politiet ønskjer ikkje å gå ut med kva mannen forklarte i avhøyret, men slår fast at dei på noverande tidspunkt ikkje har noko teori om kva som kan ha vore årska til brannen.

– Det er for tidleg å seie noko om brannårsaka. Etterforskinga vil vise om dette er eit reint uhell eller om dette er noko som kan vere noko straffbart.

- Annonse -

Måndag går politiet i gang med dei tekniske undersøkingane på åstaden, for å sjå om dei kan sikre nokre spor.

– Me vil ta ein vurdering på dei tekniske undersøkingane og sjå om det er sjanse for å sikre spor. Det er jo ikkje så mykje igjen av huset, så det gjer jo ting vanskelegare.

Det var ein forbipasserande som varsla om brannen laurdag morgon klokka 5.26. I følgje politiet redda bebuaren seg frå brannen på eige initiativ klokka 5.32.

Brannvesenet fortalte til Stord24 at mannen vakna av røykvarslaren i huset.

– Dette viser kor viktig det er å ha velfungerande røykvarslarar. Det var vel det som redda han no i natt, sa Jan Tore Brückner i Stord brann og redning.

Einebustaden blei nedbrent etter halvannan time. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -