Foto: Statsbygg
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Statens Vegvesen har i dag bestemt at tilbodet på Vabakken blir kraftig redusert.

– Førerprøvar for motorsykkel vert lagt ned som følgje av for lågt volum, er Statens Vegvesen sin korte grunngjeving i vedtaket som er fatta i dag.

Det blir heller ikkje mogleg å ta førarprøve for tungbil på Stord i den nye organiseringa i Vegvesenet.

– Stasjonen har redusert arealbehov som følgje av overføring av vegadministrasjon til fylkeskommunen, skriv Vegvesenet.

Dermed må ein no reise til Haugesund for MC-førarprøver, køyretøyregistrering og saker som går på rettigheitsbevis.

I tillegg er utekontrollen også føreslått lagt ned, men dette skal ikkje vere endeleg bestemt.

- Annonse -

– Det blir ei avvikling av kontrollplasen på Stord – alternativt må kontrollbygget rehabiliterast, skriv Vegvesnet i rapporten.

Det som vil bestå er eit kundesenter, førarprøve for bil og teoriprøve med ambulerande personell.

Foto: Stord kommune

Statens Vegvesen sin aktivitet når det gjeld veg og trafikk vil bli overført til fylka i samband med regionreforma. Også her ligg det an til at Stord-kontoret vert forbigått, då berre ein av 16 leiarstillingar i Vestland vert vurdert som aktuelle for Stord.

Den nye organiseringa vil bli gjeldande frå 1. januar 2020.

Vedtaket får Høgre-politikar og tidlegare trafikklærar Fredrik Litleskare til å reagere kraftig.

– Dette er tragiskt for dei tilsette, for førarkortelevane som ønskjer MC-lappen og for trafikktryggleiken. Dette var eit steg i feil retning.

- Annonse -