Slepebåten "Molly" måte dra ferja Bastø II i ein fart på 1,5 knop. Foto: Tipsar
- Annonse -

Trass i den katastrofalt dårlege starten til ferjeselskapet Torghatten Nord, seier Vegvesenet at det er ingenting dei kan gjere med situasjonen.

Etter godt over 100 kansellerte ferjeavgangar i løpet av dei første vekene i januar, forsinka levering av nye ferjer og kluss med Autopass-systemet, skulle ein tru situasjonen ikkje kunne bli verre for ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg.

Men søndag toppa det seg, då den innleigde ferja «Bastø II» fekk motorstans midt ute på Bjørnefjorden. Dei 102 passasjerane måtte vente nær seks timar før dei fekk kome tilbake til land i Halhjem.

– Har tildelt det beste løyvet

Trass i alt rotet tek Statens Vegvesen ikkje noko sjølvkritikk ved tildeling av kontrakten til Torghatten Nord.

– Me meiner me har tildelt løyvet til det beste reiarlaget. Eit tilbod som det ikkje var grunn til å setje spørsmålsteikn ved under kontraktinngåinga, seier Edvard Thonstad Sandvik som er avdelingsdirektør for ferjeteamet i Vegdirektoratet til NRK Hordaland.

Han meiner det er Torghatten Nord sitt ansvar å overhalde forpliktingane i kontrakten, der dei lova fem ferjer på sambandet mot Fjord1 sine fire.

- Annonse -
- Annonse -

– I dette tilfellet har me tildelt kontrakten til eit selskap som har tilbudt fem nye ferjer på sambandet. Per i dag har ikkje Torghatten levert det dei lova i kontrakten, men me forventar at dei skal gjere det.

Har fått motorstans før

Bergens Tidende skriv i dag at det ikkje er første gong ferja Bastø II har fått motorstopp. Eit liknande motorhavari skjedde i 2016, då ferja trafikkerte på sambandet Moss – Horten og måtte tauast til land. Det skal ha skjedd liknande problem med ferja fleire gonger.

Fagkonsulent for ferjer i Statens Vegvesen, Anders Sæternes, seier utfordringa til Torghatten er at det er svært vanskeleg å oppdrive midlertidige ferjer i Norge så lenge dei ventar på dei nye ferjene som er betilt.

– Hadde det vore betre eigna ferjer å setje inn på sambandet, ville me tvunge Torghatten Nord til å gjere det. Men det finst nesten ikkje ein leigemarknad for ferjer i Norge, seier han til avisa.

Reaksjonane frå lokale twitrarar lot ikkje vente på seg etter gårsdagens motorstans:

- Annonse -