Foto: Statsbygg
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette gjer at det vil bli vesentleg dyrare for elevane å ta førarprøve, fryktar Per Ove Sercan Husevik i Sunnhordland Trafikkoppplæring.

Statens Vegvesen publiserte i førre veke ein rapport der dei kjem med forslag til kraftig sentralisering.

Vegvesenet Stord vil bli råka kraftig av dette. Det skal ikkje lenger vere mogleg å førarprøve for motorsyklar og tungbil. Skranketenestene og utekontrollen også føreslått lagt ned.

– Dyrare for elevane

Trafikkskulelærar Per Ove Sercan Husevik åtvarar mot nedbygginga, og meiner endringane vil gå kraftig ut over dei som ta førarkort for motorsyklar og tungbil i Sunnhordland.

– Viss me i trafikkskulane må reise heilt til Haugesund med ein som skal ta førarprøve blir jo det ein kostnad eleven må ta. Då vil det bli vesentleg dyrare for elevane å ta førarprøve.

Per Ove Sercan Husevik er dagleg leiar i Sunnhordland trafikkopplæring. Foto: Google Maps/Sunnhordland Trafikkopplæring

Husevik, som er dagleg leiar i Sunnhordland trafikkopplæring, er uroa over at fleire då vil velje bruke ein køyreskule i Haugesund for å ta lappen.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg er også redd for at dette vil føre til ei oppblomstring av intensivkurs. At elevar heller veljer å reise for å ta ei veke intensivkurs, i staden for å bruke den gode tida som dei må gjere med tanke på refleksjon og øving, seier Husevik.

– Korleis vil dette påverke køyreskulane på Stord?

– Det kan nok bety mindre inntening. Eg trur fleire køyreskular kjem til å vurdere om dei ikkje lenger skal tilby MC-opplæring. Det kan gi eit dårlegare tilbod til innbyggjarane i Sunnhordland.

Han er også uroa over at fleire rett og slett droppar å ta MC-lappen, og heller veljer moped.

– Då er eg bekymra for at me får ein oppblomstring av mopedistar, til dømes som køyrer på E39. Det er ei utfordring med tanke på hastigheiten og trafikktryggleiken. Det er betre at dei køyrer ein lett motorsykkel som held trafikkflyten.

Gruppeleiar i Stord KrF. Foto: Statens Vegvesen

– Ikkje så dramatisk for oss som jobbar på Stord

Seksjonsleiar i Statens Vegvesen på Stord, Torbjørn Brosvik, meiner den føreslåtte nedbygginga ikkje vil ha så store kosekvensar for dei tilsette på Stord.

– På Stord vil ikkje dette ha noko vesentleg effekt på arbeidsplassane. Det som ligg i forslaget er at me ikkje lenger skal ha førarprøve på MC og legge ned skranketenstene. Det er fordi ein ser for seg at nesten alt av slike ting skal skje elektronisk.

- Annonse -

– Kva vil då skje med arbeidsplassane som er knytt til skranketenestene?

– Me ser ikkje at nokon vil bli overflødige. Me ser for oss at naturleg avgang vil stå for nedtrekket. Ein kan også sjå føre seg at nokre kan sitje på Stord og jobbe med sakshandsaming som blir generert ein annan stad. Me ser ikkje for oss at dette blir dramatisk for oss som jobbar på Stord.

Brosvik fortel at det i dag er ni tilsette i trafikant- og køyretøyområdet på Stord. I løpet av året vil det bli to færre, grunna naturleg avgang.

Ordførar Gaute Epland, foto: Jonas Sætre/Stord24

– Vil gjere det eg kan

Ordføraren på Stord, Gaute Epland (Ap), er provosert over sentraliseringa som Vegvesenet legg opp til.

– Eg kan sjå at det er behov for organisasjonsmessige endringar i Statens vegvesen, men det føreslegne grepet med geografisk spreidde trafikkstasjonar rundt omkring i landet vil rasere strukturen.

Epland meiner forslaget er nok eit ledd i reformar som set statlege arbeidsplassar på Stord i fare.

– Dette føyer seg inn i rekkja av sentraliserande grep frå dagens regjering. På område etter område inneber regjeringa sin politikk ein systematisk sentralisering og tapping av distrikta for offentlege arbeidsplassar. Det er den same politikken me ser når det gjeld skattekontora, politi, sjukehus, jernbane og tingrettane.

–  Eg kjem til å gjera det eg kan for å motsetje meg dette. Både gjennom samarbeidsrådet, ks og gjennom arbeidarpartiet, som har teke kraftig til motmæle mot forslaga, seier Epland.

Rapporten frå Vegvesenet ligg no ute på høyring. Så vil Vegvesenet samanfatte dette og sende inn anbefalinga si til samferdselsdepartementet 10. mai. Så er det til slutt  departementet som skal ta ei avgjersle.

Det er lagt opp at endringane prosessen med endringane skal bli starta sommaren 2020, og iverksett innan 2024.

- Annonse -