Luksusyatchen som no har namnet Hydrogen Viking står no til kai i Bergen. Vegard Frihammer frå Stord (innfelt) er sentral i å gjere den hydrogendriven. Foto: Greenstat
- Annonse -

Greenstat med Vegard Frihammar i spissen skal gjere diktatoren sin luksusyacht om til «havets Tesla».

Den 92 fot store superyachten til Libya sin tidlegare statsleiar med namnet M/Y «Che Guevara» har fått ei ny framtid i Bergen. Yachten skal få nytt liv som verdas første båt i denne størrelsen som går på hydrogen.

Sentral i prosjektet er hydrogenselskapet Greenstat med Vegard Frihammar frå Stord i spissen.

No er namnet på luksusyachten Hydrogen Viking, og selskapet er i full gang med ombygginga i samarbeid med Prototech, Norwegian Electric Systems og med hjelp frå nettverket til NCE Maritime CleanTech på Stord.

– Dette er eit veldig spennande prosjekt. Status no er at me har gjennomført ei forstudie som blei finansiert av Hordaland fylkeskommune. No ønskjer me å presentere prosjektet ut mot investorar og samarbeidspartnarar som ønskjer å vere med på dette, fortel Vegard Frihammer.

Køyrde på eit skjær

- Annonse -
- Annonse -

Det starta med behovet for ein båt utan motor, og med eit motorrom stort nok for det hydrogenbaserte framdriftssystemet Greenstat ønskte å utvikle. Det var ikkje mange slike båtar tilgjengelege på marknaden. Men den 25 meter lange superyachten M/Y «Che Guevara» var perfekt.

Yatchen var tidlegare eigd av Muammar Gaddafi, foto: Wikipedia

Båten hadde hamna i opplag i Malta etter at ein av sønene til Libya sin tidlegare diktator Muammar Gaddafi køyrde på eit skjær. Båten blei liggande delvis under vatn slik at motorane måtte takast ut.

– Den var veldig eigna først og fremst fordi eigarane kunne kjøpe den utan motor. Så har den eit veldig stort motorrom på 36 kvadratmeter. I vanlege fritidsbåtar har du ofte tyngre, mindre motorar. I tillegg er størrelsen på 25 perfekt, fordi størrelsen er på line med hurtigbåtane som me ser for oss at desse systema skal inn i.

Havets Tesla

Og målet er ikkje mindre hårete enn å utvikle teknologien som skal endre båtindustrien på same måte som Tesla har endra bilindustrien.

- Annonse -

– Ja, det er for så vidt havets Tesla me utviklar. På sjøen har me jo ikkje same høve til å få båtar på batteri over lange distansar. Det lar seg berre ikkje gjere. Men me meiner at hydrogen kan vere like disruptivt for maritim næring som Tesla har vore for bilbransjen.

Hydrogen Viking vil bli laga til bruk for kommersielle samanhenger, som charterturar. Det vil bli laga eit konferanserom under dekk som verksemder kan leiga. Men målet er å bruke erfaringane frå yachten til å nytte teknologien i til dømes hurtigbåtar.

– Me hadde nyleg eit møte med alle fylkeskommunane på Vestlandet, der me gjekk gjennom område der hydrogen var eigna. Då kom spesielt dette med hurtigbåt opp. Får me til dette så har me løysingar for hurtigbåt som er ein stor syndebukk når det gjeld utslepp.

– Me tenkjer heilt klart at det er ein marknad. Me har tru på at detet kjem til å bli ein god business, seier den optimistiske stordabuen.

Slik vil verdas første hydrogendrivne båt bli sjåande ut dersom alt går etter planen.

God PR

Og Frihammer legg ikkje skjul på at koplinga mot Gaddafi frå oljenasjonen Libya er ein fin symbolikk i dei overordna målsetnadane med prosjektet.

– Eg tenkjer at det kan bli ein fantastisk fin historie. Eg var litt skeptisk i starten korleis koplinga til Gaddafi ville bli teken i mot. Me hadde jo vore interessert i båten uansett om det var Gaddafi eller andre hadde eigde den.

– For oss representerer båten eit unikt høve til å teste ut ein teknologi som kan endre bransjen frå fossil og skitten til bærekraftig med vatn som utslepp. Det er klart at me har fått litt ekstra PR grunna Gaddafi, seier Frihammer som mellom anna har vore på framsida av Vi Menn grunna den spesielle historia.

Greenstat er eit selskap som satsar på fornybar energi og produksjon og eksport av hydrogen. Selskapet var etablert i 2015, og er eigd av Chr. Michelsens institutt, Trond Mohn og Universitetet i Bergen.

- Annonse -