Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fleirtalet i oppvekst og utdanning-komiteen røysta for at det blir bedt om opsjonar på 25-metersbasseng og ein eigen klatrehall på nye Nysæter ungdomsskule.

Slik koalisjonen varsla i førre veke er det positiv stemning for å lytte til idretten, og bygge 25 metersbasseng og klatrehall på Nysæter ungdomsskule.

På førehand hadde rådmannen innstilt på å droppe desse prosjekta som ein følgje av innsparingstiltaka på skulen.

– Tidlegare har me sagt at 12,5 meters basseng ikkje er særleg framtidsretta. Me vil be om at det er laga en opsjon på 25 metersbasseng. Den utvidinga er så omfattande at det er vanskeleg å tenkje seg at ein på eit seinare høve kjem til å bygge ut bassenget, sa Jakob Bjelland (Sp).

Klar målsetnad

Han la fram forslaget om å legge inn opsjonar på bassenget og klatrehallen, som blei vedteke av åtte av dei 11 medlemmene i komiteen.

Bjelland understreka igjen at koalisjonen har ei klar målsetnad om at opsjonen vil føre til at prosjekta realisert.

- Annonse -

– Det skal sprekke ganske mykje før ein ikkje tar det med når ein først har laga opsjonar. Me har lagt dette inn med ei klar målsetnad om at det skal bli realisert, sa Bjelland.

Høgre aleine om basishall

Høgre ville gå endå lenger, og også legge inn opsjon på bygging av basishall.

– Dette kjem til å bli eit fantastisk anlegg. Men me vil ha ein opsjon til, på ein basishall. Det kan godt hende at Solid sjølv vil bygge dete her, men då må dei vite om det er plass til det, sa Halleraker.

Men forslaget til Høgre fekk berre to røyster. Linda Grundtvig (Frp) ville gå endå lenger, og gå for dei opphavlege skuleplanane frå i fjor, men det var berre ho sjølv som røysta ja til dette.

Saka går vidare til kommunestyret for endeleg handsaming.

- Annonse -