Hege Myklebust i Stord SV var svært kritisk til å legge ned dagaktivitetstilbodet på Vidsteentunet. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Hege Myklebust i Stord SV var svært kritisk til nedlegging av Vidsteentunet, som blei vedteke med eit knapt fleirtal i kommunestyret torsdag. 

– Eg er mor til ein av dei som kanskje kjem til å få bruk for dagtilbod. Difor kjenner eg denne gruppa godt. Det er ei sårbar gruppe som ikkje kan tale si eiga sak.

Det sa SVs Hege Myklebust i eit personleg innlegg i debatten om nedlegging av dagaktivitetstilbod for vaksne med utviklingshemming.

– Veldig mange i denne gruppa er veldig vare for forandringar. Nettopp endring av miljø og rutinar er noko av det som ikkje berre kan øydelegge dagen eller veka, men lange periodar. Det kan ta årevis å bli trygg og stabil i eit nytt miljø. Ro og tryggleik utgjer livskvalitet for denne gruppa.

Uroa for sjølvskading

Myklebust var spesielt uroa for korleis tilhøvet for dei utagerande brukarane blir med tanke på til dømes sjølvskading, ved ei fortetting av brukarar på Sæbø Gard.

– Det vil få store konsekvensar dersom dette ikkje fungerer. Sjølvskading, skading av andre og krav om meir personale for å halde dei negative konsekvensane i sjakk. Og det må me, for me kan ikkje berre la folk gå laus på seg sjølv og andre.

- Annonse -
- Annonse -

– Dette saksframlegget står for stryk. Det er så mange usikre moment her, sa Myklebust, og viste til at det ikkje kjem godt nok fram i saka kor store dei langsiktige innsparingane eigentleg vil vere.

Det var applaus frå tilhøyrarane i kommunestyresalen då SV-representanten gjekk av talarstolen.

Dagaktivitetstilbodet for utviklingshemma på Vidsteentunet er føreslått lagt ned. Foto: Stord kommune

Likevel blei ikkje fleirtalet av politikarane overbevist. Venstre, SV, FrP og Stordlisto fremja eit felles forslag der dei ville redde Vidsteentunet. Framlegget fekk 16 røyster og fall, mot fleirtalet, beståande av dei fleste Ap, KrF, Sp og Høgre, som røysta for nedlegging.

Saka var splittande for mange av partiet, då det var avhopparar både i Høgre, Ap og KrF som støtta ei vidareføring av av tilbodet. Bente Bjelland (Ap), Susan Hassan Abdallah (Ap), Geir Kannlønning (H) og Kjetil Eldøy (KrF) røysta i mot sine eigne partigrupper.

Dermed vil tilbodet på Vidsteentunet bli lagt ned når dei nye dagplassane på Sæbø gard står klar 1. april.

- Annonse -

– Trist at folk er så skeptiske til endringar

Helge Vie frå Høgre delte ikkje Hege Myklebust sine bekymringar, og viste til at ansvarlege i kommunen har sagt at tilbodet på Sæbø gard vil vere forsvarleg for alle.

– Eg har vore med å gå for rådmannen si innstilling. Det er trist å høyre at ein er så skeptisk til endringar. Her det bygd eit nytt, tipp topp moderne bygg. Når me går inn for dette er det etter samtale med dei ansvarlege i einingane. Dei seier at det vil vere kapasitet. Då må me stole på kva dei seier.

– Eg er motivert til å gjere ei god innsats for ei gruppe som treng mykje omsorg på eit veldig forskjellig plan. Viss me må utvide kapasiteten over tid må me ha det som ein del av planen. Når det gjeld nokre av brukarane er me nødt å snu oss raskt.

Nils Tore Gram Økland i Stord Ap støtta nedlegging av Vidsteentunet. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Ikkje truverdig at flytting ikkje er mogleg

Fleirtalet i RHO-komiteen tidlegare i februar fram til at det var forsvarleg å legge ned Vidsteentunet, og gi mesteparten av brukarane eit tilsvarande tilbod på nye Sæbø gard. Dette vil gi ei innsparing på 400.000 kroner på husleigekontrakten.

– Me veit at alle på Vidsteentunet får ein ny plass på bygget på Sæbø. Flytting kan vere ei utfordring, men det verkar ikkje truverdig at flytting ikkje er mogleg, sa leiar i RHO-komiteen Nils Tore Gram Økland (Ap), som støtta nedlegging av tilbodet.

Éin dagplass knytt til vaskeridrifta vil halde fram på Vidsteentunet.

– Må forhalde oss til økonomi

Rådmann Magnus Mjør viste forståing for at saka er vanskeleg for mange.

– Me føreslår ikkje dette fordi det er ønskjeleg. Det er beklageleg at ein ikkje kan setje to strekar under svara for framtidige innsparingar. Det vert opplevd som brutalt når det er snakk om økonomi og fortetting, men det er ei verkelegheit me må forhalde oss til. Det kan ein like eller ikkje like.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -