Foto: Eldøyane næringspark
- Annonse -

Det var diskusjonar både om prisen og om eventuelle føringar knytt til biogassanlegget i kommunestyret.

Eit samla kommunestyre vedtok i går å kjøpe eit over fire mål stort hamneareal på Eldøyane til 5,7 millionar kroner. Seljaren av eigedomen er Sunnhordland Naturgass ved Jan Kåre Pedersen.

Geir Angeltveit (V) roste kommunen for kjøpet av eigedomen slik at biogassgassanlegget til Sunnhordland Naturgass lettare kunne la seg realisere, og meinte Stord kommune dermed støtta opp om det han meinte var eit viktig grønt teknologiprosjekt i kommunen.

Det fekk Sigbjørn Framnes (Frp) til å rope varsko. Han meinte det ville vere svært uheldig dersom det var nokre skjulte føringar mellom Stord kommune og Sunnhordland Naturgass.

Avviste føringar

– Eg meiner dette er eit viktig strategisk kjøp, og eg var innstilt på å gå for avtala. Det som gjer meg bekymra er når det vert stilt spørsmål om føresetnader om kjøpet.

Framnes hadde på førehand sendt inn eit formelt spørsmål til ordføraren om eventuelle føringar, og om kommunen ved kjøpet hadde bidratt til at biogassanlegget vert bygd på Seglneset i Sagvåg. Ordføraren avviste nokre slike føringar.

- Annonse -

Det var fleire politikarar som meinte kommunen hadde betalt for mykje for eigedomen. Det opphavlege tilbodet frå Sunnhordland Naturgass var på 1500 kroner per kvadratmeter. Dette fekk rådmannen pressa ned til 1300, noko som likevel var 100 kroner meir enn Stord hamnestell betalte for to liknande parsellar tidlegare i år.

For høg pris?

Fredrik Litleskare (H) meinte kommunen gjekk for fort fram og burde ha is i magen for å få ein betre pris.

– Prisen verkar å vere for høg med tanke på den moglege bruken. Har det vore andre interessenter som gjer at dette hastar, eller burde ein ha is i magen for å sjå om ein får dette til ein rimelegare penge?

– Det er ingen tvil om at me har betalt meir enn det me ønskte. Eg kjenner ikkje til kor vidt andre har fått tilbod. Men formålet er langsiktig for å utvikle Eldøyane som hamn. Dei einaste som kan utvikle ein slik djupvasshamn er Stord kommune, svarte rådmannen.

Men Jakob Bjelland (Sp) var tydeleg på at han meinte dette var eit riktig kjøp av kommunen.

– Dette er ein av dei mest attraktive næringsareala langs vestlandskysten. Det er dette saka handlar om. Ved dei rette føresetnadane vil dette arealet gå i overskot innan få år, sa Bjelland.

- Annonse -