Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons
- Annonse -

Brannvesenet er på plass på Nysæter for å pumpe ut store vassmengder frå leilegheita.

– Det har fossa vatn inn i ein kjellerleilegheit på Nysæterhaugen. Det er snakk om store vadssmengder. Me er der no og pumpar ut vatnet, fortel innsatsleiar Leif Rune Vad i Stord brannvesen.

Politiet begynte arbeidet med å pumpe ut vatnet i 07.30-tida.

– Kor store skader er det snakk om?

– Det er vanskeleg å estimere noko skader no. Det er ein eigedom som har hatt noko problem med overvatn før, så det er ikkje heilt nytt dette her.

- Annonse -

Ellers fortel brannvesenet om få andre hendingar i natt, trass uvêret.

- Annonse -
- Annonse -

– Det har ellers vore veldig rolig natt for oss. Me er veldig nøgd med at det har vore så lite å gjere, seier Vad.