Harald Rydland frå KF seier han blei hudfletta av Wenche Tislevoll under kommunestyredebatten like før jul. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette er det galnaste og mest surrealistiske eg har opplevd som politikar, seier ein prega Harald Rydland (Krf) etter kommunestyremøtet i Fitjar rett før jul.

Av: Heidi Eikremsvik, Stord24

19. desember sto det store slaget i Fitjar om barneskulane og kommunebudsjettet, då eit samrøystes kommunestyre vedtok å berge dei to nedleggingstruga grendaskulane i Fitjar.

Men sjølv om politikarane samla seg om å redde skulane, var det langt frå semje om prosessen fram mot vedtaket.

– Urettvist

Krf-politikar Harald Rydland fortel no at han vart rysta både over opptakten til møtet og gjennomføringa, der ordføraren nytta store deler av budsjettalen sin til å gå til åtak på han.

– Det har ikkje gått ein dag utan at eg har tenkt på det i ettertid, og føler det er urettvist å bli sett på plass når eg har brukt rådmannen sine eigne tal, og me har rekna oss fram til ein annan konklusjon enn Høgre og Arbeidarpartiet, seier han.

- Annonse -
- Annonse -

Vi kontakta Harald Rydland sidan vi hadde fått tips om at etterdønningane ikkje hadde lagt seg etter slaget på Fitjar om barneskulane og budsjettet.

– Eg vil ikkje bli oppfatta som ein sutrepave, men fleire ting som skjedde i kommunestyremøtet reagerte både eg, og mange med med meg, sterkt på.

Han fortel at han har fått mange telefonar i ettertid med sympatierklæringar, både frå kjente og ukjente, og mange har stogga han og uttrykt overrasking over at dette kunne skje i ein kommunestyresal.

Mange har reagert på ordførar Wenche Tislevoll sin tale under kommunestyret før jul. Foto: Harald Johan Sandvik

– Burde bli klubba ned

Bakgrunnen for talen til Tislevoll i kommunestyresalen var eit lesarinnlegg som Harald Rydland hadde fått på trykk i Fitjarposten fem dagar før møtet, der han stilte spørsmål rundt rådmannen sine budsjettal.

I møtet vende ho seg til pressa og bad dei å sitere henne på det ho kom til å seie. Ho nytta så taletida si på å så tvil om Rydlands truverde og hans kunnskap om kommuneøkonomi.

– Ordføraren har ei heilt spesiell rolle, og skal vere samlande for alle representantane. Ifølgje reglementet for eit kommunestyremøte har ho her trampa over fleire av retningslinene, meiner Rydland.

– Mange av tilhøyrarane, og fitjarbuar elles, har i ettertid reagert sterkt på ordføraren si framferd og måten ho administrerte kommunestyremøtet på. Tislevoll vart heller ikkje klubba ned av varaordførar Agnar Aarskog (Ap), slik regelen er i slike tilfelle.

Sterke reaksjonar på nettet

På Fitjarposten si Facebook-side er det fleire som har reagert. Rune Helland er ein av fleire som hadde fått med seg kommunestyremøtet, og kommenterer:

«Det som gjer dette såpass spesielt er at ordførar brukar første del av budsjett-talen sin til å kritisere ufine innlegg og personkritikk for så å bruke ein stor del av talen til å kritisere ein utvalgt kommunestyrerepresentant på ein etter mitt syn ufin måte».

Han legg til at det hadde vore ryddigare å svare på innlegget med eit eige lesarinnlegg i staden for å spare dette til kommunestyremøtet.

Unni Strand frå Fitjar er også blant dei som reagerer. Ho skriv:

«Nei men så va ikkje tordentalen til ordføreren grei heller, folk satt å gapte! (…) Så på tide og begynna å tenka på sin egen oppførsel. For å ikkje nevna hennas eget angrep på møte så ikkje er nemnt i avisa så er heilt forkastelig. Og da er da mange så har reagert på!»

Det var mange tilhøyrarar i salen under kommunestyremøtet. Foto: KJETIL RYDLAND

Fekk applaus i salen

I møtet inviterte så ordføraren rådmann Olaug Haugen på talarstolen for å stadfeste Tislevoll sin versjon. Både Tislevoll og rådmannen fekk applaus frå andre høgrepolitikarar etter innlegga sine, sjølv om dette ikkje er tillate i kommunestyremøte.

- Annonse -

Harald Rydland reagerer sterkt på å bli «sett på plass» av ordføraren i eit kommunestyremøte på denne måten. Han refererte i lesarinnlegget til konkrete tal tekne rett frå dokument frå kommuneadministrasjonen.

I lesarinnlegget i Fitjarposten flagga han opposisjonen si tru på at det var mogleg å berge begge skulane utan endringar, og at han var usamd i at Fitjar sin økonomi er kriseprega, slik ordføraren hadde sagt fleire gonger i media denne hausten. Han stilte også spørsmål ved budsjettala som kommuneadminstrasjonen presenterte i september og skulle vere grunnlag for politikarane sitt arbeid med skulebruksplanen.

– Me i opposisjonspartia Krf, Frp og Sp har kome med invitasjonar til dei andre partia for å sjå om me kunne klare å samlast om eit felles budsjett før me kom så langt som til kommunestyremøtet, men det har det ikkje vore interesse for, hevdar Rydland.

Kuvending

I staden avslutta Høgre og Arbeidarpartiet med ei kuvending i kommunestyret 19. desember, der dei kom opp med eit nytt framlegg – utan å ha varsla dei andre partia.

Dette såg heilt annleis ut enn det dei presenterte i siste formannskapsmøte nokre dagar før. Dette budsjettframlegget likna på det Krf, Frp og Sp har flagga heile hausten, nemleg å ikkje leggje ned nokon av skulane.

Ifølgje den tidlegare ordføraren har Fitjar kommune ein solid økonomi, og ligg an til eit overskot på vel 10 millionar kroner for 2018, skal vi tru Harald Rydland.

– Kjende det som eit slag under beltestaden

Ordførar Wenche Tislevoll (H) erkjenner at temperaturen steig fleire hakk då ho las lesarinnlegget i Fitjarposten av Harald Rydland, som vart publisert fem dagar før kommunestyremøtet.

– Lesarinlegget opplevde eg som ei latterleggjering av oss og det store arbeidet som er lagt ned av administrasjonen for å kome i land med eit godt budsjett. Difor kjendest det som eit slag under beltestaden.

– Slike utfall mot enkeltpersonar høyrer vel ikkje heime i ein kommunestyresal?

– Eg vart veldig provosert av lesarinnlegget, som er med å rive ned tilliten til meg som arbeidsgivar og administrasjonen som har jobba intenst med dette i heile haust, svarar Tislevoll.

– Krfs gruppeleiar tykkjer at det har vore vanskeleg å få svar på direkte spørsmål om tal i budsjettprosessen, og opplever det som Høgre og Arbeidarpartiet har halde korta tett til brystet?

– Det kjenner eg meg ikkje igjen i. Tvert om har me hatt ein open prosess med stor grad av involvering, ja større enn nokon gong, meiner Tislevoll.

Krevjande situasjon

Ho legg til at ho framleis meiner det er ein krevjande situasjon for kommuneøkonomien i Fitjar, og at Høgre og Ap difor måtte gå til det steget å ta 10 millionar frå disposisjonsfondet for å kome i land med budsjettet.

Dei ønska ikkje å auke eigedomsskatten, og valde å halvere skatten for nye bustader frå fem til ti år. I budsjettet som vart vedteke, er det lagt inn satsing på eit grønare Fitjar ved å setje av 1 million til planarbeid for eit levande sentrum.

Det er òg sett av pengar til ladestasjon i sentrum, og til ny kunstgrasbane.

Investeringar på brannstasjonen og asfaltering på Sjoareset er teke ut av budsjettet. Å flytte sjuandeklassingane frå begge skulane over til Rimbareid barne- og ungdomsskule frå hausten 2019 gjev ei innsparing på ein halv million kroner.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -