Gruppeleiar for Frp på Stord, Sigbjørn Framnes, inviterte stortingsrepresentant Helge André Njåstad med på veteranbåttreffet Fjordstream i sommar. Foto: privat
- Annonse -

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) sendte reiserekning for hotellopphald på treffet Fjordsteam i fjor sommar, sjølv om han ikkje hadde noko offisiell funksjon på arrangementet.

Det er NRK som i dag skriv om at stortingsrepresentanten frå Austevoll har sendt ei rekkje reiserekningar for hotellopphald rundt om i Norge.

Ved fleire høve har han teke med familien på hotellopphald, og fått opphalda dekka ved å ha korte jobbmøte.

Eitt av tilfella som NRK trekkjer fram er veteranbåttreffet Fjorsteam i Bergen i fjor sommar. Der sendte Njåstad reiserekning for 2666 kroner for opphald på Hotel Norge, sjølv om han ikkje var invitert til nokon av arrangementa.

Konfrontert med reiserekninga seier Njåstad til NRK at han var passasjer på MS Sunnhordland, der Frp-topp på Stord, Sigbjørn Framnes, er dagleg leiar.

– Eg følgte MS Sunnhordland på turen til Bergen. Det er eit viktig kystkulturarrangement, og eg synest det er viktig at me stiller opp og heidrar kystkulturen. Eg hadde også møte med næringslivsfolk utover den kvelden, seier Njåstad til NRK.

- Annonse -

Han meiner han hadde ein funksjon på veteranbåttreffet ved at han blei invitert av MS Sunnhordland.

– Eg hadde jo ein funksjon ved at eg var invitert av veteranbåten.

Direktør Per Hanstad i Revisorforeninga seier det ikkje er sikkert at Njåstad har brote regelverket når det gjeld tenestereisar for stortingsrepresentantar, men meiner saka viser at reglane bør strammast inn.

– Dette regelverket kan umogleg vere godt nok. Det er mogleg Njåstad er innanfor Stortinget sitt regelverk, men då er det på tide at Stortinget set seg ned og diskuterer omd ette er eit regelverk ein er tent med.

- Annonse -