Det branntekniske anlegget i ei to blokkene i Bjellandsvegen er i strid med plan- og bygningslova, meiner kommunen. Foto: Ing. Jørgensen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eit halvt år etter at Stord kommune peika på større tekniske manglar ved to lågblokker på Bjelland, har dei framleis ikkje fått dokumentasjon på at manglane er retta.

Det var under eit tilsyn i februar i år at Stord kommune konkluderte at dei to bygga har tekniske manglar som er i strid med plan- og bygningslova.

I eit brev i slutten av mai varsla Stord kommune å trekkje tilbake ferdigattesten for bygga, og varsla tvangsmulkt til entreprenøren Ingeniør Jørgensen dersom manglane ikkje vart retta snarast.

No konkluderer Stord kommune med at dei framleis ikkje har fått dokumentasjonen dei etterspørde, og varslar på nytt at ferdigattesten for bygga vil bli trekt tilbake. No med ein tidsfrist på berre to veker, det vil seie ved utgangen av september.

Framleis ikkje retta

– Vår konklusjon er at me enno ikkje kan slå fast at manglane/avvika som tidlegare har vore påpeika, blant anna på synfaringa 20.02.19, er retta fullt ut, skriv einingsleiar Anne Randi Naurstad og tilsynsleiar Ove Jarle Skaar i Stord kommune.

– Dei har sendt over ein servicerapport frå Stord Rørleggerforretning AS der det vert gjeve ei orientering av kva ein meiner står att og slik me oppfattar det, vert lova at dette
skal utbetrast innan 20. juni. Me kan likevel ikkje sjå at dokumentasjon for utbetring er dokumentert.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kommunen varslar også at det vil bli ilagt tvangsmulkt allereie frå 1. oktober. Den vil då vere på 8000 kroner i veka, så lenge ferdigattesten vert oppheva.

– Sidan dette er andre varsel vert frist for å følgje opp manglane og dermed unngå
pålegga/oppheving av ferdigattest sett særleg kort, skriv kommunen.

Vurderer rettslege steg

For ein månad sidan skreiv Stord24 at bebuarane i blokkene vurderer å gå til rettssak mot Ingeniør Jørgensen grunna manglane i dei to blokkene.

– Det vert varsla at sameiget vil gå til rettslege skritt i saka dersom utbyggjar og sameiget ikkje kjem til semje, varsla advokat Gry Irene Øvrebotten i Vestbo i eit brev til Ing. Jørgensen.

- Annonse -