Evy Skogedal er leiar for NFU Stord/Fitjar. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -

Pårørande er bekymra både for smitte og for einsemd hos utviklingshemma grunna avvikling av dagtilbod under koronakrisa.

Evy Skogedal i Norsk Forbund for Utviklingshemma Stord/Fitjar er uroa for om dei svakaste i samfunnet blir ivaretekne godt nok av Stord kommune.

– Dei utviklingshemma i bufellesskap ei ei svært sårbar og utsett gruppe på mange måtar, og særleg i desse korona-tider. Fleire har dessutan tilleggsdiagnosar som epilepsi og astma som gjer at dei kan vera ekstra utsette, skriv Skogedal.

Ho fortel at ho har blitt kontakta av fleire urolege pårørande til dei som bur i bufellesskapa i Stord kommune.

Betydeleg uro

Skogedal etterspør om Stord kommune har på plass konkrete planar for smittevern i bufellesskapa, og opplyser at pårørande uansett ikkje er blitt orientert om dette.

– Desse menneska er «utsette» for svært mange tenesteytarar som kan tilføra smitte, noko som gjer at uroa er betydeleg.

- Annonse -

Ho opplyser at dei pårørande berre har fått ein kort tekstmelding frå Stord kommuen der det står at dei ikkje kan besøke sine kjære, og at dei bør opphalde seg i bustaden sin heile døgeret. Alle dagtilboda i kommunen er nemleg lagt ned som følgje av koronakrisa.

Sæbø gard. Foto: Stord kommune

Mykje frustrasjon og einsemd

Også dette meiner Skogedal er svært uheldig for dei utviklingshemma.

– Ingen har no arbeid, eller dagtilbod å gå til. All fritidsaktivitet er også lagt ned, noko som medfører mykje frustrasjon og einsemd for ei gruppe menneske som er heilt avhengig av faste rutinar.

– Pårørande saknar snarleg informasjon frå kommunen om kva som kjem i plassen for dei ordinære tilboda dei har hatt. Her er det viktig at dagane vert føreseielege, og at dei inneheld positive aktivitetar som delvis kan erstatta det dei har hatt fram til førre veke, skriv ho.

Via dei pårørande har Skogedal høyrt at fleire har uttrykt angst både for smitte og einsemd dei siste dagane.

– Vår uro er særleg at dei vert sitjande aleine i bustaden sin over lang tid utan kontakt med pårørande og  kun med mindre luftepausar. Dette vil i verste fall resultera i angstproblematikk og utagering, noko som sjølsagt ikkje er ønskjeleg.

Kommunalsjef Knut J. Gram. Foto: Stord kommune

Krevjande situasjon

Kommunalsjef Knut Gram seier til Stord24 at kommunen tek smittevernet i alle institusjonane på alvor.

– I alle avdelingar og bufellesskap skal Folkehelseinstituttet sine råd og retningsliner følgjast og tilsette skal nytte uniform der det er hensiktsmessig.

Han fortel at tiltaka vart sett i verk med heimel i smittevernlova og ut frå «føre var» prinsippet knytt til risikovurdering av ei sårbar gruppe.

Gram seier vidare at dagtilbodet i Sæbø gard er blitt stengt nettopp fordi ein ønskjer å verne brukarane for smitte.

– Sæbø gard vart stengt, ikkje for å isolere brukarane, men for å beskytte dei i høve potensiell smitte. Personalet her er fordelt i dei ulike bustadane der me har ein krevjande situasjon med fråvær grunna karantene og lågare terskel for å vera heime grunna eigen sjukdom eller risikopersonar i eigen familie.

Kan bli aktuelt med beøsksordning

Kommunalsjefen vedgår at det er ein krevjande situasjon for brukarane, og fortel at han saman med kommuneoverlegen no drøftar om ein skal leggje til rette for å innføre ei besøksordning.

– Personalet prøver å gi bebuarane ein så god kvardag som mogleg, med både informasjon, aktivitetar, turar og omsorg. I tillegg til å informere pårørande best mogleg. Men det er ikkje til å legge skjul på at det er ein krevjande situasjon. Me lyt og  førebu oss og planlegge for ein situasjon der epidemien kan utvikle seg.