Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt har ansvar for barnevernet på Stord. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord kommune har fått varsel frå eit advokatfirma på austlandet om at det kjem til å bli framsatt eit erstatningskrav mot barnevernet på vegner av eit søskenpar. 

Varselet om erstatningskravet er retta av advokatfirmaet Tønset AS i Lillestrøm på bakgrunn av mangelfull oppfølging av barnevernet på Stord. Advokaten varslar om kravet på vegner av to søsken.

Det er ikkje kjent kva erstatningssum det eventuelt vil bli snakk om.

– Tek varselet på alvor

Stord kommune stadfestar at dei har motteke varselet, og at dei tek det på alvor.

– Stord kommune tek varselet på alvor og har iverksett interne undersøkingar av kommunen si handtering av saka, opplyser rådgjevar Hans Dagfinn Reppen i Stord kommune i eit svar til advokatfirmet.

Advokatkontoret varslar også at dei vurderer å rette eit tilsvarande erstatningskrav mot barnevernet i Kristiansand.

- Annonse -

Ligg langt attende

- Annonse -
- Annonse -

I følgje Stord kommune ligg forholde mange år tilbake i tid.

– Sakstilhøvet ligg langt attende og me kan derfor kome til å trenge noko tid på å undersøke saka. Me vil kome attende med meir utdjupande svar så snart som mogleg, opplyser Reppen.

Stord24 har vore i kontakt med advokaten som har framsett kravet, og ho ønskjer ikkje å kommentere saka på noverande tidspunkt.

- Annonse -