Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Ein 38 gammal mann frå Hardanger må møte i Sunnhordland tingrett for råkøyringa.

Det var 19. august i 2017 at mannen blei knipsa av ein fotoboks i Bømlafjordtunnelen.

Farten hans blei målt til 150 kilometer i timen. Altså nær dobbelt så fort som fartsgrensa som er på 80 klm/t.

I følgje vanleg rettspraksis vert det i hovudsak idømt fengselsstraff dersom ein køyrer meir enn 136 km/t i 80-sona.

Bilen han køyrde var ein Peugeot Partner varebil, som for øvrig er oppført med ein maksimal hastigheit på 170 km/t.

- Annonse -