Sykkelsjef i Bergen, Einar Johan Grieg, tok turen til Stord for å snakke om kvifor sykkelvegar er viktig for folkehelsa. Foto: Geir Angeltveit
- Annonse -

Einar Johan Grieg, sykkelsjef i Bergen kommune, meiner det er viktig at unge blir gitt høve til å være meir fysisk aktive i kvardagen. Han var ein av talarane under dialogmøtet om Stordpakka på måndag.

Grieg legg vekt på at å leggja til rette for sykkel ikkje berre gjeld aldersgruppa i midten, men at godane kan nyttast av alle frå 4 til 100 år.

– Me er nok den generasjonen som brukar mest tid inne i forhold til generasjonane føre oss. Moderne menneske har enormt godt av å røra på seg.

Han fortel at halvparten av turar på 1-3 km går føre seg med bil, og at det difor er endring i dei korte reisene som er viktig å fokusere på. Grieg har trua på at dersom me legg til rette for ei kulturendring så kan det få fleire barn og unge ut på sykkel. Dersom barn har sykkel og gode sykkelvegar er dei ikkje avhengig av at foreldra kan køyre.

– Sykkel er det einaste sjølvstendige transportmiddelet for born og unge, seier Grieg.

Einar Johan Grieg, sykkelsjef i Bergen. Foto: Jan Morten Wiland Nesse

Må bli attraktivt å vere i fysisk aktivitet

Tidlegare på møtet vert det presentert omtrentlege prisar på kva prosjekta i Stordpakken vil koste. I staden for å spørje om me har råd spør Grieg om me har råd til å la vere, og siktar til artiklar om at 15-åringar sit meir stille en pensjonistar.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er inga tvil om at me må ta grep for å bli meir fysisk aktive i kvardagen.

Grieg fortel at å legga til rette for sykkel ikkje berre handlar om sykkelvegar, men at tiltak som snarvegar kan endre konkuranseforholdet mellom sykkel og bil betydeleg. Han visar til små tiltak for sykkeltilrettelegging på forskjellige stader i landet, og fortel at man kan sjå samanheng mellom dette og auke i syklande.

- Annonse -

– Me mislukkast som samfunn dersom me ikkje klarer å leggja til rette for born og unge på ein god måte.

Eit av punkta som Stordpakken skal betre er å gjere vegane tryggare. Tove Vikanes Agdestein, folkehelsekoordinator i Stord kommune, gir oss eit bilete av kvifor det er nødvendig. Ho fortel at 112 skuleelevar i dag får vedtak om skuleskyss, ikkje fordi skulevegen er lang, men fordi den blir rekna som farleg.

Stordpakken vil mellom anna finansiere ny sykkelveg mellom Heiane og Vabakken bli. Skisse: Statens Vegvesen

Fleire tener på gode sykkelvegar

At folkehelsa nyt godt av at ein vel sykkel framfor bil er det ingen tvil om. Agdestein fortel at det er viktig å vise samanheng mellom Stordpakken og folkehelse.

Ho fortel at berre det å få inaktive opp på eit lågt aktivitetsnivå vil ha stor samfunnsgevinst. Ho viser til at hos vaksne er det under 50 prosent som oppnår helsedirektoratets anbefalte fysiske aktivitet.

Men sykkelvegane og tilrettelagd sentrum skal ikkje berre gagne unge. Agdestein peikar og på andre trafikantar som kan nyte godt av sykkelvegar og tilrettelagd sentrum.

– Fordi me har fleire eldre er det og fleire som nyttar seg av elektriske rullestolar, noko som også krev at dei kjem seg fram.