Jakob Bjelland, Gaute Epland og Sigbjørn Framnes er vinnarar av kommunestyrevalet på Stord. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Jakob Bjelland i Senterpartiet, sitjande ordførar Gaute Epland i Ap og Sigbjørn Framnes i Frp har størst grunn til å smila etter årets kommunestyreval.

Resultata etter årets kommunestyreval på Stord vart klare allereie før klokka 23 måndag.

Tala syner at det er Framstegspartiet som er den største valvinnaren på Stord, med ei oppslutnad på 18 prosent av røystene (+6,30). Dette er det beste valet, kommunestyre- eller stortingsval, som partiet har gjort på Stord nokon sinne.

Samtidig gjer partiet eit elendig val nasjonalt, med førebels berre 8,4 prosent av røystene.

Senterpartiet på Stord gjer også eit kjempeval på Stord, med 13,4 prosent av røystene. (+6.30)

Slik vart det resultatet av valet på Stord:

- Annonse -

 

Ordføraren: – Veldig godt nøgd

Ordførar Gaute Epland er godt nøgd med å oppnå det same resultatet som for fire år sidan

– Eg er veldig godt nøgd med det. Som eg sa før valet, og når me ser resultata nasjonalt, så er me veldig fornøgd med å halde stand. 

– Kva tenkjer du om at opposisjonen til høgre no blir vesentleg større?

– Ser me på maktbalansen totalt sett er den ganske lik. Men sentrum har styrka seg ein del. Eg trur at for vår del har me no like mange representantar og like stor gjennomføringskraft.

– Kor villig er du til å gi ordførarvervet til Jakob Bjelland for at koalisjonen skal halde på makta?

– Eg tek ikkje forhandlingane her med deg, men eg synest det er unaturleg for oss som desidert største partiet å gi frå oss ordføraren. Men det vil resultata vise.

– Vil du heller vere i opposisjon enn å gi ordførarvervet til Senterpartiet?

– Eg synest det er vanskeleg å svare på. Men det er jo politikken som er det viktigaste, og eg er veldig skeptisk til å gi ein moglegheit til høgresida. Det trur eg er veldig uheldig for kommunen.

Slik er den endelege mandatfordelinga for den neste kommunestyreperioden.

SV halvert sidan i 2015

Partiet som gjer det aller dårlegast i valet er SV, som får halvert oppslutnaden frå førre val. Partiet får berre 5,9 prosent av røystene (-5,7). SV sin ordførarkandidat Hilde Hauglid er naturleg nok skuffa over resultatet.

– Eg kan jo ikkje seie at eg er glad, det hadde jo vore veldig rart.

– Kvifor gjekk det så dårleg?

– Mangelen på Nils Magne-effekten kanskje, seier Hauglid, og viser til mangeårige gruppeleiaren Nils Magne Blålid, som i år har trekt seg tilbake og lenger ned på lista, seier Hauglid.

Ho peikar også på at Raudt no er inne med eitt mandat.

– Det er jo sjølvsagt det at Raudt ikkje stilte eigen liste sist gong. Det er klart at det har ein effekt.

Skuffa: Nils Magne Blålid og Hilde Hauglid i Stord SV går mest tilbake. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Hauglid meiner også at resultatet tyder på at klima og miljø ikkje har vore ei viktig sak hos veljarane.

– Så har ikkje dette vore eit klima- og miljøval. Eg kan aldri tenkje meg at det er dette som har styrt veljarane. Når over 30 prosent av veljarane i Sagvåg røyster Frp så røyster dei jo ikkje for klima.

Har ikkje gitt opp ordførardraumen

Ordførarkandidaten til Høgre, Øyvind Kyvik, har heller ingen problem med å seie han er skuffa.

– Det er klart at me hadde håpa på framgong,men det er veldig kjekt at me held på våre seks mandat. Så ser me at me har framgang på borgarleg side, noko som betyr at innbyggjarane i byen ønskjer å endre på kursen.

– Har du gitt opp ordførardraumen no?

– Nei, eg ser på meg som ein god kombinasjon mellom Frp og Senterpartiet, som kan vere ein god mellommann og som skal klare å få gode løysingar for alle.

– Dette går litt på leiareigenskapar og korleis ein ønskjer å vidareføre kommunen. Men no skal me inn i forhandlingar, så det gler me oss til, seier Kyvik.

Her kan du sjå korleis Sigbjørn Framnes (Frp) reagerer på resultatet:

Stord FrP ligg an til å gjere sitt beste val på Stord nokon sinne. Høyr kva ordførarkandidat Sigbjørn Framnes har å seie om resultata.

Geplaatst door Stord24 op Maandag 9 september 2019

Her er reaksjonar frå Jakob Bjelland (Sp) etter at førehandsrøystene var telt opp:

Jakob Bjelland jublar over resultatet frå førehandsrøystene, der han ligg an til 12,4 prosent oppslutnad.

Geplaatst door Stord24 op Maandag 9 september 2019

 

 

- Annonse -