Leirvik skule. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Ein tilsett ved Leirvik skule varsla politiet då vedkomande fann spor etter inntrengjarar på skulen.

Måndag føremiddag skriv Politiet i Sør-Vest på Twitter at ein tilsett ved barneskulen i Leirvik varsla politiet om eit innbrot.

Det har vore uvedkomande inne i bygninga ein eller annan gong etter klokka 17.00 søndag, men ifølgje politiet ser det ikkje ut som at noko er stjelt.

– Uvisst korleis vedkomande har kome seg inn, men det er mellom anna utført noko skadeverk i tak. Vert politimeldt, skriv Politiet i Sør-Vest.

Grist til med melk og is

Rektor ved skulen, Bjarte Bongom, fortel at innbrotet vart oppdaga då dei tilsette starta dagen sin i dag.

– Den tilsette oppdage ein knust kråkebolle som låg i ein gang. Vi tok ein runde rundt på skulen og såg at det var grist til med kakaomelk og is som skulen hadde igjen frå fredag. Dette var det blitt kasta rundt på.

- Annonse -

– Det var også veldig rotete i formgjevingsavdelinga og i gymsalen.

Rektor stadfester at det ikkje ser ut som at noko har blitt stjelt, men dei tilsette har ein ryddejobb framføre seg.

– Det ligg nokre takplater i ein gang. Det ser ut som at dei har blitt slege laus med ein gjenstand. Vi har ordna det verste, men det gjenstår litt rydding.

Heldigvis var ingen av klasseromma som skulle nyttast i første time måndag morgon, råka av ugjerningane.

Rektor ved Leirvik skule, Bjarte Bongom, har bede politiet patruljere innom skulen i håp om å ta uvedkomande personar på fersken. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

– Nokre personar har tilhaldsstad på taket

Leirvik skule har opplevd innbrot før, men dette er det første innbrotet dei har registrert så langt i dette skuleåret.

Bongom fortel at skulen også opplever uvedkomande oppe på taket av bygninga.

– Vi har utfordringar med at nokre personar har tilhaldsstad på taket på skulen. Det er folk der oppe med jamne mellomrom. Dette er det naboar som har varsla oss om, og vi ser at det har blitt plassert sykkelstativ på høgkant som dei nyttar til å klatre opp.

– Har de vurdert å setje inn nokre tiltak for å få bukt med problemet?

– Det vi har gjort er at vi har bede politiet om å patruljere innom skulen når dei er på Leirvik. Vi har også bede naboane om å ta kontakt med oss viss dei ser noko.