Foto: Foto: kinomo.no
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kirsti Norberg Moe opnar ei utstilling av hovudplagg i Galleri Losjen i Fitjar laurdag.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

Moe ser fram til utstillinga på Fitjar, og fortel at ho tidlegare har vorte godt tatt i mot når ho vitjar kommunen.

Foto: kinomo.no

– Dette vert ei utstilling med noko for ein kvar smak, her vil ein finna alt i frå spektakulære- til meir alminnelege hattar. Utstillingane mine endrar seg frå gong til gong, etter som folk handlar hattane mine og eg lagar nye.

Utstillinga «Med hatt på hjernen» vert opna den 2.mars. Den store opninga av utstillinga vil skje kl. 15.00. Her vert det musikkinnslag med elevar i frå kulturskulen, og Tore Lande Moe kåserer om hatt i mote og myte.

Kirsti Norberg Moe er modist, eit fag som for haldt på å forsvinna då ingen tok sveineprøve i det. Norberg Moe var den første lærlingen i faget på 30 år. Ho lagar hattar som er kjente langt utanfor Sunnhordland, og har til og med fått designa hattar til dronning Sonja.

Eineståande moglegheit

- Annonse -
- Annonse -

Under utstillinga på Fitjar vert det fleire anledningar til å møta Kirsti Norberg Moe. Blant anna fortel ho 9.mars om korleis ein lagar hattar, og demonstrerer prosessen.

- Annonse -

– Det er noko med å visa prosessen til folk, eg lagar jo alle hattane for hand, så det er noko med å visa arbeidet eg legg i kvar enkelt plagg.

Det vert ogso hattevisning med levande modellar, det vil skje den 16.mars.

– Det er alltid ekstra kjekt med visning på levande modellar, fortel Norberg Moe, som tek med seg vennane sine som modellar. Ho kan røpa at det vil skje noko eineståande under visninga.

– På visninga kjem to modistar til med sine hattar. Frå Stord og Haugesund. Dette er svært sjeldan, sidan modistfaget er so lite. Truleg kan berre Oslo skilta med ei slik hending før!

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -