Stord vidaregåande skule. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I Vestland fylke er det foreslått å forskyve investeringar for nærare ein halv milliard kroner allereie før det nye fylket er skipa. Det kan vere godt nytt for Stord sin del.

Det er i hovudsak vidaregåande opplæring, kollektivtilbod og vedlikehald av vegar som står i fare for å bli kutta eller utsett, skriv NRK.

Også fleire rehabiliterings- og utbyggingsprosjekt for vidaregåande skular er utsette for forskyving. Deriblant Stord vidaregåande sin avdeling på Vabakken.

– Me føreslår å halde litt igjen på prosjekt som ikkje er begynte på og forskyve dei med eit år. Det gjeld mellom anna vidaregåande skular, seier prosjektleiar for samanslåinga og komande fylkesrådmann Rune Haugsdal til NRK.

Betre tid til forhandlingar

Men realiteten er at vedtaket om investering av nybygget på Stord allereie er forsinka, som eit resultat av at fylkeskommunen har vore i forhandlingar med Stord kommune om sal av Saghaugen-bygget.

Eigedomsdirektør i Hordaland fylkeskommune, Jostein Fjærestad.

Eigedomsdirektør i Hordaland fylkeskommune, Jostein Fjærestad, fortel at vedtaket om utsetjing gjer at ein no kjøper seg betre tid til forhandlingane med Stord kommune.

- Annonse -
- Annonse -

– Dette betyr i praksis at dersom me ikkje blir einige før sommaren så betyr ikkje det lenger at me ikkje kan bli samde om ein stor, samla skule på Vabakken.

– Me har no som intensjon om å legge fram rom- og funksjonsprogrammet i desember. Då er det absolutt siste frist, fortel Fjærestad.

- Annonse -

Dermed kan forhandlingane med kommunen halde fram utover hausten og forbi kommunestyrevalet. Spørsmålet om Stord kommune skal investere i skulebygget på Saghaugen for å flytte Leirvik skule dit kan dermed bli ei heit valkampsak.

God dialog

Eigedomssjefen fortel at det har vore ei rekkje telefonmøte med representantar frå Stord kommune i løpet av våren.

– Me har hatt jamnleg kontakt  med Stord kommune for å sjå på om dette er mogleg å realisere.

– Står det nærare kvarandre no enn før?

– Jau, me har hatt ein god dialog. Men samtidig er det noko med at Stord må finne ut kva som er fornuftig for deira del. Me ventar vel litt på eit utspel frå Stord for å sjå om det er økonomi i dette.

I vinter såg det ikkje ut som om partane skulle kome fram til semje. Rådmannen i Stord kommune meinte at fylkeskommunen ville krevje ein alt for høg pris for bygningsmassen på Saghaugen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -