Planarbeidet i Sagvåg har vore utsett lenge grunna kapasitetsmangel i kommunen.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord kommune har store problem med å fylle stillinga som kommuneplanleggjar. Det blir etter kvart dyrt for kommunen.

Stillinga som kommuneplanleggjar vart første gong lyst ut i fjor haust. Men trass i to søknadsprosessar har Stord kommune endå ikkje klart å fylle stillinga.

– Me har diverre ikkje gjort nokon tilsetjing i den ledige stillinga som kommuneplanleggjar, skriv kommunalsjef Lovise Vestbøstad i ein e-post.

Dobbel konsulenthjelp

No må kommunen betale ut både til hovudjegar og for å hyre inn konsulentar til å gjere ferdig planarbeid i kommunen.

Ved første utlysing var det 16 søkjarar til stillinga. Då kommunen ikkje klarte å finne kompetent søkjar til stillinga lyste dei den ut på nytt i vår. Trass i omfattande marknadsføring, med utlysing mellom anna i Bergens Tidende, enda dei opp med fattige tre søkjarar då denne fristen gjekk ut.

Kommunalsjef Lovise Vestbøstad. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -

Stord24 publiserte søkjarlista ettter denne prosessen, men Vestbøstad opplyser at det ved ein feil blei sendt søkjarlista frå den første runden.

- Annonse -

Hentar inn tilbod

– Diverre fekk Stord24 utlevert ei feil liste der tidlegare søkjarar var opplyste. Det var tre søkjarar denne gongen. Me er no i ferd med å hente inn tilbod frå rekrutteringstenester.

– Kva konsekvenser har det for planarbeidet i kommunen at denne stillinga ikkje lar seg fylle?

– Det har som konsekvens at me ikkje har klart å halde oppe framdrifta på eige planarbeid. Mellom anna vil me no hente inn konsulenthjelp til å sluttføre kommunedelplan for Sagvåg – Litlabø.

Kommunedelplanen for Sagvåg/Litlabø skulle ha vore til politisk handsaming i mai i år, men er altså framleis ikkje er klar grunna den vakante stillinga.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -