Rådmann Magnus Mjør. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Trass i omfattande kostnadsoverskridingar, hamna Stord kommune opp med eit positivt resultat på 12,4 millionar kroner i fjor.

Resultatet er rundt 10 millionar kroner svakare enn opprinneleg budsjett, men 1,8 millionar kroner betre enn det som vart varsla i siste budsjettrevisjon.

– Det er ei utfordring at budsjettet ikkje har reservar til å ta opp i seg uføresette hendingar og nye brukarar, seier rådmann Magnus Mjør.

Årsakene til at resultatet enda opp 10 millionar svakare enn budsjettet er mellom anna at avkastninga på kraftsalsfondet vart på 5,1 mill. kroner svakare enn budsjettet.

Utgiftene til barnevernet har også vore særs store i fjor. Eininga går med heile 3,5 millionar kroner i minus i høve budsjettet. Det same gjeld innanfor rehabilitering, helse og omsorg, sder einingane enda opp på 7,6 millioner kroner under budsjettet.

Det er også millionunderskot i dei tekniske tenestene. Det betyr at ein må førebu seg på auke i dei kommunale gebyra i åra som kjem.

- Annonse -
- Annonse -

– Dei gebyr- og avgiftsfinansierte tenestene vatn og avlaup og byggesak og oppmåling har bokførte avvik på 1,6 og 1,2 millionar, som må finansierast opp av  komande gebyrinntekter.

Rådmannen framhever likevel at dei fleste einingar i kommunen har gått med overskot. Best i kommunen er Stord Hamnestell, som leverer eit overskot på heile 6,2 millionar kroner.

- Annonse -

– Forutan dei varsla avvika driv einingane i det store og heile i balanse eller med overskot. Det er mange som har gjort ein god jobb for å få dette til, seier Mjør.

Ein har ikkje nådd innsparingsmåla for det såkalla trepartssamarbeidet, som gav eit avvik på 3,5 millionar kroner i rekneskapen.

Ordføraren er nøgd med at kommunen, til trass for store investeringar, enda opp med eit overskot.

– Sjølv om me ikkje når det opphavlege budsjettmålet, går kommunen med over 12 millionar i overskot. Det betyr at det samla overskotet dei siste fire åra er på over 100 millionar kroner. Det er eg godt nøgd med, seier ordførar Gaute Epland (Ap).

– Særleg med tanke på innstrammingane i kommuneøkonomien frå regjeringa si side, og at me har gjort uvanleg store investeringar i denne perioden.

- Annonse -