Tor Jæger Koppang (t.v.) i Utdanningsforbundet er skuffa over Stord-budsjettet. Foto: Utdanningsforbundet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Utdanningsforbundet på Stord reagerer på at politikarane framhevar skulen som budsjettvinnar. Sjølv er dei svært misnøgde med at elevressursen vert kutta.

– Me er veldig skuffa over budsjettet, og spesielt skuffande at elevressursen blei kutta, seier leiaren i Utdanningsforbundet Stord, Tor Jæger Koppang.

Han blei overraska over at koalisjonen ikkje prioriterte å oppretthalde midlane, som skal gå til mellom anna læremidlar til elevane.

– Det låg det inne eit kuttforslag på 1,2 millionar frå rådmannen. Me hadde ganske gode forhåpningar om at det skulle bli teke inn igjen, men koalisjonen la berre inn 500.000. Det betyr at kuttet er på 700.000 kroner pluss manglande prisjustering. Det er me veldig misnøgd med.

– Korleis vil dette merkast for skulane i praksis?

– Det gir skulane mindre handlingsrom til å drive variert og tilpassa undervisning. Ein får mellom anna mindre pengar til å kjøpe læremidlar, og tilby spesialundervisning i lite og moderat omfang. Ein får i enno mindre grad enn no høve til å ta elevane med på tur, og vikarordninga vert blir svekka fordi me får mindre pengar å rutte med. Utdanningsforbundet er redde for at det kan føre til fleire ufaglærte vikar og med det svekka kvaliteten på opplæringa.

Blant dei som brukar minst i landet på skule

- Annonse -
- Annonse -

Då koalisjonen la fram budsjettetframlegget i går blei skulen framheva som budsjett-vinnaren. Det synet deler ikkje Koppang.

– Når det er så tydeleg kor lite Stord brukar på skulane i utgangspunktet, så er det ekstra dårleg at ein kuttar i elevressursen. No sparar kommunen 600.000 kroner på å utsetje utviding ved Langeland skule. Det gir meining, men dette er pengar som burde bli brukt i sektoren. Dette er me veldig skuffa over.

Han reagerer også på at det er regjeringa si innføring av lærarnormen i skulen som får skulda for budsjettunderskotet, og viser til at Stord ligg på 23. siste plass i landet på kor lite pengar kommunen brukar på skulen.

– Me høyrer i debatten at innføring av lærarnormen blir brukt som eit argument for at skulen kjem godt ut av budsjettet. Men at Stord får høge kostnadar er jo eit resultat av at me har brukt lite på skule frå før. Samtidig er lærarnormen og elevressursen to forskjellige ting.

Koppang er likevel glad for at bygginga av Nysæter ungdomsskule likevel ikkje blir utsett.

– Så er det sjølvsagt flott at Nysæter ungdomsskule vart teken inn. Me hadde blitt veldig overraska om dei hadde gjort noko anna. Men det er sjølvsagt ei gladsak.

Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd. Foto: Magne Langåker

Skuffa over auke eigedomsskatten

Leiar i Stord Næringsråd, Anne-Grete Sandtorv, er også blant dei som er skuffa over årets budsjett. Ho viser spesielt til at det blei vedteke ei auke i eigedomsskatten på ein halv promille.

– På vegner av næringslivet og medlemmene våre blir eg skuffa over at ein legg på eigedomsskatten. Dette er ein flat skatt som belastar kostnadane til bedriftene, uansett kor mykje ein har i inntening. Me veit at marginane er pressa, så det å få ein ekstra kostnad i staden for betre marginar er ikkje noko me synest noko om.

- Annonse -

– Me trur at dette vil straffe seg i neste omgang i skatteinntektene til kommunen, for denne skatten tek ein jo frå botnlinja frå bedrifta.

Evy Skogedal er leiar i NFU Stord/Fitjar.

– Gir oss eit håp

Leiaren i Norsk Forbund for Utviklingshemma på Stord, Evy Skogedal, er blant dei som har engasjert seg i høyringsrunden til budsjettet, då rådmannen sitt framlegg hadde gått hardt ut over dei utviklingshemma.

Ho er nøgd med at det ikkje blei vedteke nedlegging av dagaktivitetstilbodet i Vidsteentunet, eller at bustadane i Saghaugen vart redda.

– Slik eg har forstått det er dei fleste postane me kjempa for berga i budsjettet. Flytting frå Sæbøhaugen er stoppa, og så skal klubbane bestå. Det same med Vidsteentunet. Sånn sett gir det oss eit håp om at me har fått stoppa ein del av dei drastiske kutta som er føreslått av rådmannen, seier Skogedal.

Dagaktivitetstilbodet for utviklingshemma på Vidsteentunet er førebels redda.

Men ho tør ikkje pusta letta ut, for politikarane har bestilt eigne saker som går på nedlegging av Vidsteentunet og Sæbøhaugen, som skal takast stilling til på nyåret.

– Kampen er diverre ikkje over endå. Men me håper at dei har teke ting til etterretning og forstått kor utruleg viktig desse sakene er. Eg håper inderleg at me er blitt høyrt.

– Me ønskjer snarast å få til dialogmøte med kommunen for å sikre gode tenester til menneske med nedsatt funksjonseevne. Det er viktig med ein plan for dei som treng livslange tenester, seier Skogedal.

Glede i Frisklivssentralen

Frisklivssentralen er blant dei som uttrykkjer glede over budsjettet. Rådmannen føreslo å avvikle sentralen, men koalisjonen fann altså midlar til å vidareføre den.

Slik reagerer dei på Facebook i dag:

Hipp hurra, Frisklivssentralen består også til neste år👏🏼 Me er allereie igang med å planlegge 2019 sesongen😊. Her er…

Posted by Frisklivssentralen-Stord on Thursday, 29 November 2018

- Annonse -