Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord-politiet har hatt nok å henge fingrane med natt til 1. mai. 

1. mai-natta har rykte på seg for å vere av den mest utagerande sorten, og i år var ingen unntak.

Det første oppdraget til politiet tok til like før klokka 1 på natta, då ein mann i 20-åra ikkje klarte å oppføre seg på ein utestad i Leirvik sentrum.

– Han hadde ein halvtime i forvegen blitt kasta ut av ein utestad der han hadde kasta eit glas i ein vegg, som gjorde at glaset knuste og glasbitane føyk. Han fekk beskjed frå politiet at ein slik oppførsel ikkje var akseptabel og vart bortvist frå sentrum, seier Andre Skram Hansen, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Men den unge mannen ville ikkje respektere bortviinga og blei observert av politiet i sentrum seinare på natta.

– Då blei han innbrakt og måtte overnatta i arresten. I dag tidleg fekk han eit førelegg på 8000 kroner.

- Annonse -
- Annonse -

Like før klokka 3 om natta barga ein gjeng ungdomar saman i noko som likna på eit slagsmål ved bussterminalen i sentrum.

– Det blei meldt om slåsskamp og amer stemning ved bussterminalen. Ca. åtte personar var involvert, og fleire blei bortvist. Ein av dei blei politimeldt for forulemping av offentleg tenestemann, då han sa «fuck you» og viste fingen med begge hendene til politiet, fortel operasjonsleiaren.

- Annonse -

Klokka 3 om natta skjedde ein ny bortvising, då ein mann i 20-åra og ein mann i slutten av tenåra kasta mat i ein kø i Leirvik sentrum.

– Dette var ikkje ein akseptabel oppførsel, så dei blei også bortvist, og aksepterte pålegget.

I 4-30-tida oppdaga ein patrulje at det hadde blitt utført herværk utanfor Stord kulturhus. Politiet har ikkje pågripe nokon mistenkt for gjerningane.

– Det var gjort mykje skadeverk ved inngangspartiet. Blant anna var fleire tulipanar rivne opp, og bossdunker og ein kasse med strøsand vart velta. Eit sykkelstativ vart også demontert, seier Hansen.

I tillegg måtte politiet ta hand om ein ung sjåfør som dreiv med uvettig køyring i sentrum.

– Ein mann i slutten av tenåra hadde køyrd bil i Leirvik sentrum i mange timar. Han hadde eit høgt støynivå frå eksosanlegget og køyrde utan mål og meining. Han fekk beskjed om at han ikkje fekk køyre bil i sentrum, men slapp frå det utan noko reaksjon.

- Annonse -