Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i slutten av 20-åra frå Stord blir politimeldt for ei rekkje forhold etter at han ikkje klarte å oppføre seg på byen natt til søndag. 

Klokka 01.21 blei politiet tilkalt etter at stordabuen kom i klammeri med ein dørvakt på ein utestad i Leirvik sentrum.

– Då politiet kom til staden klarar han å vere ufin med politiet verbalt, og det blir då bestemt at han skulle fraktast i arresten, fortel Dan Magne Gaard, vaktleiar ved Haugesund politistasjon.

Men det blei ikkje berre ein vanleg natt i fyllearresten for stordabuen. Han vil også bli politimeldt for hærverk mot ein politibil.

– På vegen til arresten klarte han i tillegg å øydelegge ei dør på politibilen. Han sat i celledelen av politibilen og har klart å spenne så hardt at døra gjekk ut av posisjon.

Han kom også med ukvemsord mot politiet.

- Annonse -

Mannen blei sloppe ut av arresten søndag føremiddag og vil bli avhøyrt i ettertid.

– Han vil bli politimeldt for ordensforstyrring, skadeverk og forulemping av offentleg tenestemann, seier vaktleiaren.

Politiet hadde elles ingen oppdrag av betydning på Stord laurdagsnatta.

- Annonse -