Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

– Det er ein stund sidan det har vore så mykje som dette på ein kveld, seier politiet.

Laurdag kveld og natt til søndag var det unormalt mange oppdrag for politiet på Stord.

Først var to kranglete menn i 20-åra vist bort frå Leirvik sentrum.

– Dei haldt på med ein slåsskamp og blei vist fekk frå politiet, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Emma Audunsdottir.

Ho fortel at to andre personar også vart vist fekk frå sentrum. Ein full og kranglete mann, og ein mann som berre var «veldig full».

– Dei gjorde alle det dei skulle og gjekk heim, så det vil ikkje bli noko politisak på desse bortvisingane, seier vaktsjefen.

- Annonse -

Politiet måtte også ta seg av to personar som urinerte på offentleg stad. Dei kan begge vente seg bøter.

Audunsdottir seier det var unormalt mange oppdrag på ein kveld for Stord-politiet.

– Det er ein stund sidan det har vore så mykje som dette på ein kveld, seier ho.

- Annonse -