Gaute Epland (H), Wenche Tislevoll (H), Øyvind Kyvik (H) og Nils Magne Blålid (SV) er alle i mot vindmølleplanane. Foto: Fitjarposten/Stord24/Høgre
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politikarar frå SV og Høgre på Stord og i Fitjar er raske med å uttrykkje skepsis mot utviding av mølleparken til Grønafjellet i Fitjar.

– Eg er veldig skeptisk til å etablere fleire vindmøller på øya, seier Stord-ordførar Gaute Epland (Ap).

Det er ikkje lenger enn ei veke sidan dei nye planane til Midtfjelelt vindpark vart kjend. Selskapet ønskjer å etablere ein heilt ny vindmøllepark i Grønafjellet-området i Fitjar kommune, der det er lagt opp til etablering av opp til 40 nye vindmøller.

– Eg synest engasjementet som ein ser både i lesarbreva og i sosiale media tilseier at ein no er inne på noko som er viktige og umistelege naturverdiar for folk. Dette går på retten til å ferdast i urøyrt natur. Det er ein viktig del av livskvaliteten for mange, seier ordføraren.

Motstand hos Høgre

Avtroppande Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) seier også at nok er nok.

– Nok er nok. Me har ikkje så store fjellområde i Fitjar kommune. Slik det er no, er allereie ein god del av fjellet vårt vindmøller på allereie. Med dei planane som no blei lansert, må eg seie at det ikkje blir mykje urørt natur igjen i Fitjar-fjellet, sa Tislevoll til Sunnhordland i går.

- Annonse -
- Annonse -

Høgre sin ordførarkandidat på Stord, Øyvind Kyvik, stiller seg støttande til Fitjar-ordføraren.

- Annonse -

– Skepsisen er svært stor til å bygge ned meir natur i Fitjarfjellet. Me skal absolutt satse på vindmøller – men dei må komme til havs!

Feltet markert i blått er eksisterande vindpark, og feltet markert i raudt er den planlagde vindparken i Grønafjellet.

– Genuint friluftsområde

Stord SV har også konkludert i saka. Her er også motstanden tydeleg.

– Dette området ser Stord SV som eit genuint friluftsområde på øya Stord. Området mellom Tindeslottet og Mehammarsåta er blant det finaste vi har av fjellterreng, og vi ønskjer ikkje vindmøller her, seier leiar i Stord SV, Nils Magne Blålid.

– Store delar av fjellet i Fitjar er alt utbygd med vindmøller og tilhøyrande vegnett, og Stord SV ynskjer ikkje at nye fjellareal i dette området skal nyttast til vindmøller.
Vidare utvikling av vindmøller bør fortrinnsvis skje til havs.

- Annonse -