Ein gjeng frå fritidsklubbane på Stord protesterte mot nedlegging i fjor. Foto: privat
- Annonse -

DEBATT: Me skal kjempa for klubben òg den verdige fritida me har rett på!

Av: Cecilie Arnevik Sæbø (20),
støttemedlem i Litlabø Fritidsklubb sitt klubbstyre.

No er det tredje gong du foreslår å kutta hos oss. Heilt idioti om du spør meg og alle dei rundt meg. Me protesterte svært når du foreslo å kutta oss heilt, òg me protestere lika mykje no når du «berre« vil kutta med ein dag. For det er ein dag for mykje, for sanninga er at me treng meir fritidsklubb. Ikkje mindre.

Denne gong har heller ikkje media skrive mykje om det. Ikkje veit eg kvifor, men ein kan jo berre anta at det er for å unngå «den store kampen» igjen.

Men likevel er eg nyfiken òg spør meg eigentleg det same kvart år. «Er rådmannen nokon gong utanfor døra si? Ser han oss verkeleg ikkje? Har du nokon gong besøkt ungdomsklubbane? Òg har du nokon gong vurdert å sjå på den vidare effekten av det arbeidet me gjer?»

Eg skal lova deg at om du hadde teke deg ein prat med nokre av kulla som no eigentleg er for gammal til å vera der slik som meg, så hadde du sett kvifor me protesterer. Du hadde sett kor mykje me gjer for ein einsam ungdom. Du hadde sett kva me gjer for ungdommen no.

- Annonse -

Eg er ein av dei som ikkje kan vera anna enn takknemleg for ungdomsklubben som redda ungdomstida mi og livet vidare. Der møtte eg dei vennane som eg sit igjen med den dag i dag, som eg ikkje har gått på skule med. Der møtte eg dei som løfta meg opp på mine mørke dagar og hjalp meg vidare. Der møtte eg eit personale som forten tusen millionar i lønning for arbeidet sitt, for på ungdomsklubben jobbar dei på fritida også. Ikkje berre innan opningstida måndag og torsdag.

Me på Litlabø og Harri Fritidsklubbar gjer eit vanvitig bra arbeid for ungdommen. Me tilbyr eit tilbod ingen andre gjer. Me tilbyr ein friplass der ungdommar som følar seg einsam kan komme å være seg sjølve. Der ein kan organisere seg i klubbstyret og laga arrangement for og med ungdommen. Eit lågterskel tilbod for alle. Og dette i to litt gløymde bygder i kommunen. Difor inviterer eg deg til å besøke oss på måndag. Kom og snakk med dei ungdommane du år etter år seier at du ikkje bryr deg om.

År etter år vil du kutte det einaste tilbodet dei har. Kanskje du kan forstå kva me gjer for ungdommen og kor ekstremt viktige me er. Ein ting til du kan ha i bakhovudet- me sparar deg  eigentleg for ekstremt mykje ressursar. For me skapar ungdommar med gode haldningar som kjem til å være ressursnyttige. Me skapar samhald og vennskap som varar livet ut.

Uansett om du tek turen til oss kommande måndag, så kan eg lova deg at både eg, klubbungdommen og dei vaksne tek turen til deg og dine kollega på tysdag. For eg skal kjempa. Me skal kjempa. Me skal kjempa for klubben òg den verdige fritida (barnekonvensjonsartikkel 31) me har rett på!

- Annonse -