Psykologspesialist Erik Iversen og SKL-koordinator i Stord kommune, Bjarte Epland, presenterte Ungdata-undersøkinga for 2019. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette er tal som bør vere grunn til bekymring, seier kommuneoverlegen.

Ungdata-undersøkinga for 2019 vart i dag lagt fram framføre mange interesserte tilhøyrarar på Stord ungdomsskule.

Årets undersøking, som rundt 85 prosent av alle ungdomsskule- og vidaregåandeelevane i Stord har svart på, stadfestar dei nasjonale trendane: Svært få brukar alkohol og andre rusmidlar og ungdommane legg mykje energi ned i å prestere på skulen.

Samtidig er det stadig fleire som slit psykisk. Spesielt blant jentene. Her er dei nedslåande tala:

  • 56 prosent av jentene på Stord vidaregånde «føler at alt er eit slit» den siste veka då dei svarte på undersøkinga. Ein fjerdedel av gutane seier det same.
  • 39 prosent av jentene på VGS har følt seg ulukkeleg, trist eller deprimert den siste veka. 22 prosent av gutane seier det same.
  • To tredjedeler av jentene svarar at dei har bekymra seg for mykje om ting den siste veka. For gutane er talet 30 prosent.
  • 36 prosent av jentene har kjent på nervøsitet eller indre uro den siste veka. Dette gjeld berre 13 prosent av gutane.

Desse tala har auka markant på Stord sidan førre Ungdata-undersøking i 2015, og Stord ligg no over landssnittet når det gjeld elevar som svarar at dei slit med psykiske plagar.

Psykologspesialist Erik Iversen ved KoRus Vest, som presenterte tala, har ikkje noko god forklaring på dei negative tala.

- Annonse -
- Annonse -

– Me er veldig usikre på kva dette går i. Kanskje det delvis er eit resultat av at psykiske helseplagar er mykje oppe i media for tida, sa Iversen.

Nedslåande tal når det gjeld psykiske helseplagar blant vidaregåandeelevane på Stord.

– Bør bekymre

Kommuneoverlege Lars Helge Sørheim meiner det er viktig å ikkje blande saman vanlege bekymringar i kvardagen med reell angst. Han er difor mest uroa over tala som svarar at over ein tredjedel av jentene svarar at dei slit med angst.

– Dette er tal som bør vere grunn til bekymring. Viss det er reell angst som ligg i dette, som dei ikkje har kontroll på sjølv, så er dette eit høgt tal.

- Annonse -

– Samtidig viser det at elevane gjer det godt på mestringssida. Dei opplever at dei kan takle livet. Stress og bekymring kan vere ein positiv faktor som gjer at ein mestrar. Men fokuset bør vere på dei som uttrykkjer angst og uro.

Helsesjukepleiar Iselin Amundsen i Stord kommune trur ungdommane i dag blir stressa over alltid å vere tilgjengelege. Kommuneoverlege Lars Helge Sørheim (framst) er bekymra. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Helsesjukepleiar Iselin Amundsen i Stord kommune, trur dei pyskiske plagane er eit resultat av at ungdommar i dag alltid skal vere «på».

– Dette trur eg går på stress og det å vere tilgjengeleg nærast heile døgeren. Ungdommane i dag skal rekkje over så mykje, og skal vere tilgjengelege 24/7. Du har sosiale media, fokus på «likes» og press på skulen, seier Amundsen.

Generasjon perfeksjon

Ungdata-undersøkinga frå 2015 viste eit svært lågt alkohol- og rusforbruk blant ungdommar på Stord. Denne trenden held fram i år. Så og seie ingen av elevane på dei første trinna på ungdomsskulen svarar at dei har vore overstadig berusa det siste halve året. Vidaregåande elevar rapporterer også om eit svært lågt alkoholforbruk.

– Er ungdommane på Stord blitt for streite?

– Kanskje det er ein tendens til det. Kanskje desse psykiske greiene er eitt uttrykk på at det er eit press om å vere generasjon perfeksjon. Eg trur mykje av forklaringa ligg i dette med sosiale media og kanske måten å regissere seg sjølv på utad, seier Iversen.

- Annonse -