Retten meiner mannen utgjorde ein stor trafikkfare då han køyrde i fylla frå Stord til Bømlo. Foto: Henke/Wikimedia Commons
- Annonse -

Ein mann frå Stord i starten av 20-åra hadde ei promille på 1,55 då han køyrde frå Stord til Bømlo. 

Det var natt til 1. mai i år at stordabuen valde å setje seg bak rattet etter å ha drukke større mengder alkohol.

Sikta gav ein tilståing utan atterhald i då saka gjekk for Sunnhordland tingrett torsdag.

Retten var ikkje i tvil om å dømme mannen til fengselsstraff, og viser til at ruspåverka køyring der føraren har ei promille over 1,2 som hovudregel skal straffast med fengsel.

Retten meiner det er ekstra alvorleg at køyringa skjedde på hovudvegar over lenge strekningar.

«I saka er det straffskjerpande at køyringa fann stad på sentrale vegar på Stord og Bømlo. Sjølv om det ikkje oppsto konkrete faresituasjonar, utgjer køyringa eit stort farepotensiale. Det er heller ikkje tale om ein kort strekning.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Samtidig meiner retten det er formildande at føraren har tilstått køyringa, og at han har forklart at han var i ei livskrise då køyringa skjedde.

– Sjølv om det ikkje er uvanleg med ein vanskeleg livssituasjon i samband med lovbrot, må situasjonen til sikta karakteriserast som ekstraordinær, skriv retten.

Retten har dermed kome fram til at 18 dagars fengsel er ei passande straff. Det var noko lågare enn forslaget til aktor på 21 dagar.

Den unge mannen blir også dømt til å betale ei bot på 50.000 kroner til statskassa, og mister retten til førarkort i ein periode på to år. Han må avlegge full ny førarprøve for å få lappen tilbake.

- Annonse -