Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Like før klokka 21.30 søndag kveld rykka politiet ut til Heiane etter melding om ei ulukke.

Ifølgje vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Andre Skram Hansen, gjekk meldinga ut på at ein person hadde falle av ein moped i nærleiken av Jysk på Heiane.

– Politiet kom fram til staden og føraren, ein mann i slutten av tenåra, klagde på smerter og vart sendt til legevakta for undersøking.

Hansen opplyser at vedkommande hadde køyrd på ein grasplen og at sykkelen han førte var ein uregistrert crossykkel.

– Det har på ein eller annan måte gått galt då han køyrde på denne plenen, og han vert meldt for køyring på uregistrert MC og for aktlaus køyring, fortel vaktsjefen.

Hansen kjenner ikkje til detaljene kring bakgrunnen for den ulovlege køyringa.

- Annonse -