Ulukka skjedde tidleg torsdag morgon utanfor Marbella i Spania.
Ein 20 år gammal mann er stadfesta omkome i ei trafikkulukke i Spania torsdag morgon.
– Me kan stadfesta at ein norsk statsborgar er omkomen i Spania, opplyser Ane Lunde, pressetalspersom i Utanriksdepartementet til Stord24.
Ho fortel at UD gir konsulær bistand til dei pårørande i saka.
Operasjonsleiar Kurt Løklingholm i Sørvest politidistrikt stadfestar overfor Stord24 at den unge mannen kjem frå Stord.
– Dette er ein 20 år gammal mann frå Stord. Dei pårørande er varsla, seier Løklingholm.
Det var 20 år gamle Even Vinsjevik Ervik som vart funnen død, opplyser politiet.
Operasjonsleiaren stadfestar at ulukka skjedde torsdag utanfor Marbella i Spania. Spansk media opplyser at ulukka skjedde i 05-tida på ein sterkt trafikkert veg, der det skal ha vore hyppige dødsulukker. Ifølgje spansk media blei 20-åringen påkøyrd då han gjekk i vegbanen.
Norsk politi har ikkje fleire detaljar om ulukka.
– Vår oppgåve i saka er å iverksetja varsling av pårørande. Ellers er det spansk politi som etterforskar saka, seier Løklingholm.
Sjømannskyrkja ligg i i Costa del Sol, kort avstand frå der ulukka skjedde. Sjømannsprest Caroline Lygre opplyser at dei held dørene opne for dei pårørande.
– Familien veit at me er her for dei, opplyser Lygre.