Politi og ambulanse rykte ut til uhellet som skjedde ved Langeland skule. Foto: tipsar
- Annonse -

Ei åtte år gamal jente vart involvert i eit samanstøyt med ein elektrisk rullestol.

Ulukka skjedde i 14-tida onsdag ettermiddag, ved Langeland skule.

– Det som har skjedd er at ei jente på åtte har vore involvert i ein samanstøyt med ein elektrisk rullestol med tak, opplyser operasjonsleiar Britt Jorunn Løvereide i Sør-Vest politidistrikt til Sunnhordland.

Det skal ikkje vere noko alvorlege personskadar etter hendinga.

- Annonse -