Det var på denne benken på Deli de Luca at ein stordabu tok kvelartak på ein ung asylsøkjar. Det førte til at han fekk alvorlege skader. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

– Eg hugsar ingenting om kven eg er eller kvar eg kjem frå. Mange gonger tenkjer eg at eg er født som 20-åring, forklarte den unge mannen i retten. Ein stordabu står tiltalt for kroppsskaden som skal ha forårsaka traumene.

Klokka 3.30 natt til ein laurdag i oktober 2018, blei ein ung asylsøkjar utsett for ein valdsepisode på Deli de Luca i Leirvik sentrum som skulle få svært alvorlege konsekvensar.

Ein stordabu i midten av 20-åra vart i januar 2019 tiltalt for kroppskade, etter å ha teke kvelartak på den unge mannen,. Først denne veka kom saksa opp i Sunnhordland tingrett.

Fornærma og tiltalte hadde ingen relasjon før valdshendinga, som skjedde ved ei av sitjegruppene på Deli de Luca i Leirvik sentrum, der dei tilfeldigvis sat saman den aktuelle laurdagsnatta.

Ein samtale utvikla seg til ein alvorleg konfrontasjon mellom dei to, som enda med at tiltalte tok eit kvelartak som førte til at fornærma mista medvitet og fekk alvorleg surstoffmangel.

Hugsar ingenting

Som følgje av valdshandlinga blei 20–åringen lagt inn på sjukehus i ein lengre periode, og slit i dag med store etterskadar. Blant anna eit omfattande hukommelsestap.

- Annonse -

20-åringen forklarte i retten at han hugsar ingenting av livet sitt før valdsepisoden, og heller ikkje noko frå sjølve kvelningsforsøket.

– Eg hugsar ingenting om kven eg er eller kvar eg kjem frå. Eg hugsar ikkje korleis eg var før eg blei skada, og hugsar ikkje korleis eg kom til Norge. Eg hugsar ikkje foreldra mine, eller om eg har søsken, forklarte fornærma i Sunnhordland tingrett.

Den unge mannen, som no bur på Heiane mottak, fortalte om ei svært tung tid etter hendinga. I januar for eitt år sidan forsvant han ut i skogen i minusgradar då han budde på Litlabø mottak. Forsvinninga utløyste ein storstilt leiteaksjon, som resulterte i at han først blei funnen etter fleire timar.

– Mange gonger tenkjer eg at eg er født som 20-åring. Mange ganger tenkjer eg at det ikkje er verdt å leve. For eg klarar ikkje å tenkje positivt, sa han.

I tillegg til dette har den unge mannen, som kom til Stord og Norge som 16-åring fått avslag på asylsøknaden. No ventar han på endeleg vedtak i Utlendingsnemnda. At han ikkje kan fortelje noko om livet sitt i heimlandet, grunna hukommelsestapet, får konsekvensar også for asylsaka.

Bistandsadvokat Arild Birkeland og aktor Anne-Marte Møinichen. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Tiltalte hugsa lite

Men det var ikkje berre fornærma som ikkje hugsa valdshendinga. Den tiltalte stordabuen hadde forklarte også at han hadde store hol i husken frå hendinga han er tiltalt for. Han forklarte at han hadde drukke store mengder alkohol, og hadde vore på byen før han drog til Deli de Luca saman med nokre kompisar for å få seg mat. Der sat han seg ned med fornærma.

– Då ville eg kome i kontakt med han, for eg trudde han var ein bekjent. Eg spurte kor han kom frå på på ein venleg måte. Det einaste eg hugsar er at eg då blei kalt rasist. Då blei eg litt sjokkert.

Tiltalte forklarte at han hugsar at han tok tak i jakkekragen på fornærma, men han hugsa ingenting av å ha teke kvelartak. Det neste han hugsa er frå då ambulansen henta fornærma.

– Då går det opp for meg kva som har skjedd, og eg blir utruleg lei meg og begynte å grine. For det var overhovudet ikkje dette eg trudde skulle skje, sa tiltalte.

Tiltalte blei frakta rett i arresten i Haugesund, etter at han først hadde vore på legevakta for behandling av ein bitskade. Den stamma frå eitt av vitnene som greip inn ved å bite tiltalte så hardt ho kunne i handa for å få han til å sleppe kvelningsgrepet han hadde rundt fornærma sin hals.

Nekta straffskuld

Noko av det aktor Anne-Marthe Møinicken pressa tiltalte på var det han hadde forklart om det som skjedde i forkant av angrepet.

– Du nevner ingenting om dette med at fornærma kalte deg rasist i politiavhøyret. Kvifor gjer du ikkje det?

– Nei, eg kom ikkje på det. Eg var ganske langt nede, og då ville eg berre fortast mogleg ut og heim, sa tiltalte.

Aktor fortalte at stordabuen hadde erkjent straffskuld for kroppsskade i politiavhøyret, men det gjorde han ikkje i retten.

– Eg trur ikkje eg har påført han så store skader som han har forklart. Både dette med det psykiske og tapet av medvit er noko eg ikkje kan ta ansvar for.

Forsvarar Håkon Welde Nordstrøm. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Ingen edru vitne – store sprik i forklaringane

Heile fem personar som var vitne til valdshendinga var innkalt til rettssaka, som gjekk over to dagar. Tre av vitnene var bekjente av tiltalte, og to vitne var tilfeldige kundar som greip inn. Alle vitnene forklarte at dei var godt berusa på det aktuelle tidspunket.

Vitnet som beit tiltalte forklarte i retten at ho fort skjønte at det var ein alvorleg situasjon på gang då ho kom inn dørene på Deli de Luca.

– Då eg kom inn ser eg desse to på kvar si side av bordet, der dei har tak rundt halsen på kvarandre. Eg opplever at det er ingen som forsøker å bryte inn, så det ender med at eg prøvar å dra fornærma bakover. Då dette ikkje hadde noko heldig resultat, tok eg eit godt bitetak rundt handa til tiltalte.

– Det var veldig skremmande. Eg følte dei var i ein veldig alvorleg situasjon då dei sto og haldt dette kvelartaket på kvarandre.

Slik dette vitnet forklarte, så var det snakk om to likeverdige partar i basketaket.

– Dei var sinte begge to, og ingen av dei hadde tenkt å sleppe. Det var ikkje noko forskjell på intensiteten i grepa.

Ho sa det var tilfeldig kva side av bordet tiltalte og fornærma sat på i retten, og sikta då til ta det fort kunne vere tiltalte som hadde mista medvitet.

– Eg trur det ville ha vore ein naturleg følgje at nokon kunne døydd dersom ingen hadde gripe inn.

– Eg var redd for at han kom til å døy

Dei to andre vitnene i saka som aktoratet hadde innkalt, meinte ikkje at det var snakk om to likeverdige partar. Ein av desse var blant dei som tok seg av fornærma då han segna om.

– For meg var det tiltalte som hadde overtaket. Eg såg ein stor mann mot ein liten mann. Eg var redd for at han kom til å dø, og me snakka om det etterpå, at me kanskje var med på å berge eit liv.

– Eg såg ikkje at fornærma hadde noko fysisk grep rund tiltalte, forklarte det tredje vitnet.

Dei to vitnene som forsvarar Håkon Welde Nordstrøm hadde kalt inn, er begge kameratar av tiltalte. Også desse hadde god promille.

– Kvelartaket som fornærma tok mot tiltakte var ikkje noko mildare enn tiltalte sitt, sa den eine.

Det andre vitnet stadfesta tiltalte sin forklaring om at han blei kalt rasist i forkant av konfrontasjonen.

Viste overvakingsvideo i retten

Etter alle vitneforklaringane blei det avspelt ein 18 minuttar lang overvakingsvideo frå Deli de Luca. Videoen slo hol på ein del av det både tiltalte og vitnene hadde forklart.

Videoen viser at tiltalte og fornærma sat overfor kvarandre i fleire minuttar og prata. På eit tidspunkt slår tiltalte handa i bordet og peikar trugande på fornærma. Etter kvart retta fornærma ut ei hand i forsoning, men den tek ikkje tiltalte imot. Vidare tek tiltalte tak i jakkekragen på fornærma, og drar han mot seg. Ein god del folk flokkar seg til, slik at det ikkje er tydeleg å sjå kva som skjer vidare. Men fleire i retten var altså tydelegee på at begge tok eit kvelningstak på kvarandre.

Det som skjedde etter kvelningstaka var at fornærma blei dårleg, og mista etter kvart medvitet. Han blei lagt ned på golvet, og begynte å få krampar. Ambulansepersonell kom snart til staden og frakta han til sjukehus.

Gro Dregelid er asylsøkjaren sin nærmaste pårørande i Norge.

I rettssaka blei også Gro Dregelid spurt ut av bistandsadvokat Arild Birkeland. Det er ho som fungerer som vergja til 20-åringen, og som også er hans næraste pårørande i Norge. Ho har følgt han sidan han kom til Stord i 2016, og fortalte om ein merkbar forskjell på veremåten hans etter hendinga.

– Han framstår heilt annleis, og var ein heilt annan gut før. I dag lever han veldig isolert, og tek ikkje initiativ lenger.

– Eg trur han kjenner på eit veldig tap over at han har mista hukommelsen. Før tenkte me at dette var forbigåande, men det var det ikkje.

– Er hukommelsestapet reelt? spurte bistandsadvokaten.

– Ja, absolutt. Det har eg ingen tvil om, sa Dregelid.

– Tenkjer du at det er hendinga som er årsaka til dette?

Ja. Eg var veldig tidleg på besøk hos han på sjukehuset, så eg ser jo alt i samanheng med det som skjedde. Eg kjenner ikkje til at andre ting kan ha ført til ein slik forandring.

– Var frisk og fin før hendinga

Fastlegen til 20-åringen forklarte i retten at pasienten hans lid av såkalla dissosiativ amnesi.

– Han har ein slags regresjon, der han trekkjer seg tilbake for å unngå det som har hendt. Han er periodevis blitt retraumatisert etter det som har skjedd, der han har besvimt. Det har vore ein del akuttinnleggingar, sa legen.

I følgje sjukehusrapportane hadde fornærma eit oksygenopptak på 70 prosent då ambulansen tok hand om han. Dette vert skildra som alvorleg surstoffmangel.

Fastlegen fortalte at spesialisthelsetensta så langt har konkludert med at skadene hans i dag er eit resultat av ein kombinasjon av psykiske traumer og somatiske skader som følgje av surstoffmangel til hjernen.

Han var tydeleg på at traumene til 20-åringen var eit resultat av hendinga, og ikkje noko som ligg lengre tilbake i tid.

– Etter mine omgrep var han frisk og fin før hendinga. Dette er reaksjonar etter traumet han blei utsett for i oktober 2018, sa legen.

Måtte utsetje saka

Under den andre dagen av hovudforhandlinga var det to forhold som kompliserte rettergangen. Det eine var ei begjæring frå forsvarar Håkon Welde Nordstrøm, om at retten skulle droppe å ta stilling til oppreisingskravet som bistandsadvokaten fremja.

Nordstøm viste til at det ikkje var oppnemnd noko sakkunnig i saka, som kunne slå fast ein årsakssamanheng mellom skadane til fornærma og valdshendinga som klienten hans var tiltalt for. Etter å ha trekt seg tilbake, bestemte retten å utsetje å ta stilling til oppreisingssaka fram til ein sakkunnig rapport var på plass.

Det andre som kompliserte saka var då overvakingsvideoen blei avspelt. Dommarfullmektig kommenterte då ein person som sat ved sidan av fornærma på benken då konfrontasjonen skjedde. Det vart etter kvart klart at dette vitne aldri hadde blitt avhøyrt av politiet, sjølv om han var det einaste vitnet som fekk med seg heile episoden.

– Dette er eit så viktig vitne at me er heilt nødt å høyre kva hanhar å seie, sa dommarfullmektig.

Dermed vart det ingen sluttprosedyre i saka, som vil halde fram med det siste vitnet 25. mars.