Det var nesten heilt fullt i hallen på Vikahaugane under skuledebatten. I dag fekk elevane seie si meining. Foto: Severin Eskeland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ungdomspolitikarar frå dei fleste politiske parti møtte opp til debatt med høg temperatur for vidaregåandeelevane på Vikahaugane fredag.

Valkampen tek seg opp meir og meir for kvar dag, og 11. september nærmar seg.
Elevane på Stord vidaregåande skule var tilskodarar då det var duka for skuledebatt på Vikahaugane på fredag. Hovudsakene var E39, menneskeverd og ulikskapar i samfunnet.

Unge politikarar var tydelig godt førebudd, og ikkje minst engasjerte i sakene som stod på agendaen. Men usemje er det sjølvsagt i ein valkamp.

Anna Sofie Valvatne frå SV var tydeleg engasjert under skuledebatten. Foto: Severin Eskeland

– Eg vart kvalm!

Den unge politikaren og stortingskandidat Anna Sofie Ekeland Valvatne (SU) tok i bruk sterke ord då ho omtalte det ho meinte var verdiane til høgresida. Ho vart så sint under debatten at ho måtte kjøle seg ned etterpå.

– Med den retorikken høgresida køyrer så går dei til angrep på meg og mine verdiar. Det går eg ikkje med på. At Sylvi Listhaug snakkar om at brunost og vaflar er det viktigaste i samfunnet vårt er til å bli kvalm av.

- Annonse -
- Annonse -

– Dei kan snakke om norske verdiar på same tid som nynazistar får lov til å marsjere i Kristiansand. Det er kjempeskummelt. Dei vil vere ein kontrast til innvandrarane, og brunost skal liksom vere det typisk norske. I dag er det like norsk å ete kebab for oss nordmenn som for innvandrarane, så å seie at innvandring skadar det norske samfunnet tykkjer eg er totalt forkasteleg.

Valvatne legg også til at debatten var mykje betre i år enn tidligare år.

- Annonse -
Det var nesten heilt fullt i hallen på Vikahaugane under skuledebatten. Foto: Severin Eskeland

Imponert

Formann i Bergen FpU, Martin Jonsterhaug, syntes debatten var svært så profesjonelt gjennomført, og at Stord vidaregåande skule hadde gjort ein kjempejobb med organiseringa av arrangemanget. Etter debatten var det mange som kom med spørsmål, og det gjekk på to essensielle ting.

– Det er mange som er opptekne av arbeidsløyse og har bekymringar med tanke på Kværner og verfta i området. Mange er òg sjølvsagt opptekne av vår asyl-, og innvandringspolitikk.

– Dei er litt skremde over kor direkte og tydelege me er, men etter å ha snakka med elevane så viser det seg at dei aller fleste er einige med oss, seier Bergen FpU-formannen.

Jonsterhaug legg også til at han er svært imponert over kor engasjerte elevane i salen var, og at det syner at Stord vidaregåande skule er ein skule som følgjer med i tida.

Martin Jonsterhaug frå Bergen FpU brukte mykje tid å overbevise dei unge veljarane. Foto: Severin Eskeland
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -