Bømlo-rådmann Geir Aga er død. Foto: Bømlo kommune/Samarbeidet for Sunnhordland
- Annonse -

Mange utrykkjer stor sorg over bodskapet om at rådmannen i Bømlo, Geir E. Aga (61) er død.

– Me har i dag fått den umåteleg triste bodskapen om at rådmann Geir E. Aga er død. Samarbeidsrådet for Sunnhordland uttrykkjer medkjensle med familie, vener og kollegaer som sit att i den store sorga etter Geirs bortgang, skriv Gro Jensen Gjerde i Samarbeidsrådet i ei melding.

Aga har vore ein aktiv deltakar i Samarbeidsrådet i fire år, og blir rosa for engasjementet sitt.

– Geir har vore ei viktig røyst og ein engasjert deltakar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland sidan han tredde inn i rådet sommaren 2015. Geir hadde store ambisjonar på vegner av Bømlo og Sunnhordland. Han klarte på glimrande vis å kombinere trongen for store samfunnsmessige løft, med nødvendig realitetsorientering, skriv Gjerde.

– Fordi han visste at vyer berre kan verkeleggjerast gjennom konkret handling. Han formidla synspunkta sine på ein sakleg og tydeleg måte, med respekt for andres meiningar, og ikkje sjeldan med ein dose humor i botn.

Stor tillit

Gjerde framhever at Aga hadde stor tillit blant ordførarane i regionen.

- Annonse -

– Geir naut stor tillit i rådmannskollegiet, blant ordførarane og dei tilsette i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Dugleik og framferd gjorde at han var ein viktig diskusjonspartnar både i og mellom møta.

– Han deltok i ei lang rekke av prosjekt og planleggingsarbeid i regi av Samarbeidsrådet opp gjennom åra, blant anna det omfattande arbeidet for meir miljøvenleg båttransport og betre rutetilbod i og til Sunnhordland. I dette arbeidet hadde også erfaringane frå åra hans i HSD stor betyding.

Sverre Olav Svarstad. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Vert eit stort tomrom

Gjerde skriv at ordførarar, rådmenn og tilsette i Samarbeidsrådet for Sunnhordland sørgjer over Geirs bortgang og tapet av ein framifrå leiar, kollega og ven.

Også i Trott IL er det sorg i dag. Aga varnemleg  leiar i idrettslaget i Nordbygdo. Styret i Trott skriv følgjande i ein kommentar.

– Me har mottatt den ufattelige triste meldinga om at vår Leiar, Geir Ebbesvik Aga er dø. Våre tanker går til familie og vener.

Tidlegare rådmann på Bømlo, Sverre Olav Svarstad, skriv følgjande i ein kommentar.

– Dette var vondt å høyre. Geir var ein flott kar, og det vert eit stort tomrom etter han. Signe Geir sitt minne!

- Annonse -