Ulvar Akselsen i Stord AUF meiner det er naudsynt å avvikle oljenæringa i Norge på grunn av klimatrigselen. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

AUF Stord, Ulvar Akselsen, synest var ei spesiell oppleving å dra på somaleir på Utøya for første gong.

Av: Ulvar Akselsen, leiar i Stord AUF

Onsdag 1. august, klokka 6 om morgonen møtte Hordaland AUF sin delegasjon til årets sommerleir på Utøya. Blant desse ungdommane var eg, Ulvar Akselsen (16), frå Stord. Eg er leiar i Stord AUF, og dette var min første tur til Utøya.

Første dagen vart lang. Det var mange timar i buss, og det første som skjedde då me kom fram på øya var eit lokallagsleiarkurs for alle lokallagsleiarane i AUF som var på øya. Dette var eit inspirasjonskurs der me vart inspirert til å vera meir aktive lokalt, og fekk sett litt på korleis me lokalt kunne vere med å forme politikken som vert praktisert i Noreg.

Men den første dagen var ikkje berre lang, den var spesiell. Som nevnt tidlegare var dette min første tur til Utøya nokon gang. Det var spesielt å ta same båt over til Utøya som så mange andre håpefulle AUF’arar gjorde sommaren 2011. Diverre vendte ikkje alle heim den sumaren.

Det var mange inntrykk på den første dagen. Dagen vart også brukt til å minnast dei som mista livet unda terroren sumaren i 2011. Det vert gjort på ein veldig fin måte, det er viktig at dei som mista livet den dagen vert minna, men det er minst like viktig å skape gode, positive minner på samme øy.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

På torsdagen kom Jonas Gahr Støre å snakka i den velkjente bakken. Bakken er rett og slett det som det høyrest ut som. Ein grasbakke med ein talarstol i bunn. Den førre dagen hadde AUF-leiar Mani Hussaini stått på same plass å opna sommerleiren på Utøya 2018. Jonas heldt ein inspirerande tale om fortida, notida og framtida.

Tema for årets sommarleir var “Utøya, din egen øy” og dette merka me i programmet. Årets program og politiske “workshops” handla mykje om enkeltpersonars, og AUF sitt forhold til Utøya.

Gjennom mine dagar på Utøya fekk eg ein slags tilhørighet på øya, følte faktisk at den var litt min og. Gjennom nye vennskap, fotballturnering, volleyballturnering og for fyrste gongen, sjakkturnering, fekk eg meir enn eit politisk og historisk forhold til øya, eg fekk ei personleg tilknytning.

Utøya er no ein del av min historie, samt Noregs historie. Og er takknemlig for at eg fekk vere med til Utøya i år, og ser fram til neste gong.

Det var ein stor delegasjon frå Hordaland som drog på sommarleiren på Utøya. Fylkesordførar Anne-Gine Hestetun i midten. Foto: privat

- Annonse -