Stordbrua er framleis stengt grunna tekniske undersøkingar på staden. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Det kan virke som at sjåføren av vogntoget ikkje forstod omfanget av hendinga, ifølgje Politiet i Sør-Vest.

Sjåføren av vogntoget som var innblanda i dødsulukka på Stordbrua torsdag morgon, har vore i avhøyr. Han køyrde vidare etter at ein del av vogntogets kapell, som er eit overbygg med ramme og presenning over, løsna og trefte ein møtande varebil. Vogntoget vart stansa av politiet i Sveio kort tid etter.

Sjåføren av varebilen omkom, og passasjeren framsto tilsynelatande fysisk uskadd, men i sjokk.

Politiet i Sør-Vest skriv på Twitter like før klokka ti at det etter samtalar med sjåføren av vogntoget, kan tyde på at han ikkje forstod omfanget av hendinga. Dei skriv at det vert foretatt vidare undersøkingar for å få klarlagt dei faktiske forholda.

– Politiet ønskjer ikkje no å gå nærmare inn på sjåførens forklaring. Sak er oppretta og etterforskinga vil søke å belyse saka, står det på Twitter.

– Sjåføren er heilt uskuldig

Dagleg leiar i firmaet der trailersjåføren er tilsett var på veg for å snakke med sjåføren då Haugesunds Avis snakka med han.

- Annonse -

– Deler av taket, og ein presenning som var på dette, skal ha løysna. Det var mykje vind på staden. Sjåføren har ikkje vore klar over det som har skjedd, og eg er på veg for å bistå han no, sa dagleg leiar til avisa.

Han seier til NRK Hordaland at sjåføren er uskuldig i det som skjedde.

– Dette er ein teknisk svikt på konstruksjonen. Sjåføren er heilt uskuldig.

Gjer undersøkingar

Politiet opplyser i ei pressemelding klokka 11.30 at sjåføren av vogntoget er avhøyrt og at sjåføren har førebels status som mistenkt.

– Vogntoget skal undersøkjast og politiet skal gjennomføre fleire vitneavhøyr i løpet av dagen, opplyser politiet.

Politiet seier det er for tidleg å seie noko om hendingsforløpet. Dei pårørande til den omkomne er framleis ikkje varsla, og politiet er difor varsame med å gå ut med detaljar om avdøde.