Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Luftambulanse har frakta mannen til Haukeland Universitetssjukehus.

Ein mann i 60-åra fall måndag føremiddag av lasteplanet frå eit køyretøy på Eldøyane.

– Det er ukjent skadeomfang, melder Sørvest politidistrikt.

Politiet og ambulanse er på staden.

– Me fekk melding frå AMK om eit uhell der ein person har falle ned. Om det er eit arbeidsuhell eller om det er eit sjukdomstilfelle veit eg ikkje. Vedkomande blir behandla på staden, seier operasjonsleiar Olaug Bjørnsen.

– Er vedkomande ved medvit?

- Annonse -

– Informasjonen eg har er at det vert jobba med han på staden. Det vert drive hjarte- og lungeredning.

Dei siste opplysningane frå politiet er at luftambulanse har landa på staden. Pasienten vart frakta til Haukeland Universitetssjukehus.

Politiet opplyser at Arbeidstilsynet er varsla om uhellet.

Innsatsleiar i politiet på staden, Alexander Mathieson, opplyser til Sunnhordland at mannen vart funnen medvitslaus på bakken.

Uhellet blei meldt klokka 9.45 måndag.