Arkivfoto: Statens Vegvesen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet stod klart på ferjekaien på Halhjem og fekk stansa paret i 40-åra.

Måndag i 13.30-tida fekk politiet i Os melding om nokre stygge forbikøyringar nordover på E39 over Stord.

– Bilen køyrde på E39 retnings Sandvikvåg, og tok ferja til Halhjem. Der sto me og venta, fortel politioverbetjent Rune Fimreite til Midtsiden.

Det viste seg fort at bilføraren ikkje hadde gyldig førarkort.

– Det viste seg at han ikkje har førarkort. Vedkomande påsto at han dreiv med øvelseskøyring.

- Annonse -

Politiet fortel til Midtsiden at vilkåra for øvelseskøyring ikkje var innfridd, sjølv om kvinna som eig bilen sat på.

- Annonse -
- Annonse -

Begge to blei dermed politimeldt. Mannen for å køyre bil utan førarkort og kvinna for å ha overlete bilen til ein som ikkje har gyldig førarkort.

- Annonse -