Illustrasjonsfoto: Wikipedia
- Annonse -

Ukjend skadeomfang, melder politiet.

Politiet i Sør-Vest meldte om ulukka, som skjedde ved Rubbestadneset, klokka 11:13 måndag. Politiet var då på veg til det som vert omtala som ei arbeidsulukke med ukjend skadeomfang.

Eit kvarter seinare melder politiet at naudetatane er på plass.

– Luftambulansen er også på veg, opplysar operasjonsleiaren ved Politiet i Sør-Vest sin operasjonssentral.

Operasjonsleiaren stadfester overfor Stord24 at det er berre er éin person involvert i ulukka, og at fallet har skjedd under arbeid med skifting av lyktestolpar.

Personen som blei skadd er ein ung mann på 19 år. Han blei frakta til Haukeland Universitetssjukehus med luftambulanse.

- Annonse -

– Politiet oppretter sak, det er fleire vitne til hendinga. Skadeomfanget er ukjend. Fallhøgda er vurdert å vera 6-7 meter.

Operasjonsleiar Jøran Solheim seier til Stord24 at den skadde er tilsett i eit privat firma.

– Rutinemessig skal arbeidsgjevar sjølv varsla om dette til arbeidsgjevar. Viss ikkje sørgjer politiet for at det blir gjort.

– Korleis blir vitna følgt opp?

– Dei vert avhøyrt av politiet. Så prøvar me å danna oss eit bilete av kva som har skjedd. Det er ikkje igangsett noko kriseoppfølging frå kommunen si side, seier Solheim.